Eigenvurdering fleirkameraproduksjon og strøyming - Teknologi og produksjon (IM-MED vg2) - Ressurssamling - NDLA

Hopp til innhald
Egenvurdering

Eigenvurdering fleirkameraproduksjon og strøyming

Her kan du sjekke forståinga di av emnet fleirkameraproduksjon og strøyming. Har du fått med deg alt?

Har du forstått?


Svarer du ja på punkta nedanfor, har du god greie på fleirkameraproduksjon og strøyming.

  • Eg kjenner til ulike fasar av ein fleirkameraproduksjon.

  • Eg er kjend med kameraet, tekniske spesifikasjonar og korleis eg førebur opptak.

  • Eg kan lage køyreplanar.

  • Eg kjenner til ulike roller i ein videoproduksjon og har fått trening i å samarbeide med andre.

  • Eg kan planleggje og gjennomføre ein produksjon med meir enn eitt kamera.

  • Eg kan planleggje og gjennomføre ein enkel sanntidsproduksjon.

  • Eg har gjort opptak med grønvegg og kjenner til teknikken.

  • Eg kan publisere produksjonen min i rett format og i eigna kanal.


Kan du forklare omgrepa?

Fagomgrep

Køyreplan

Grønvegg

Skrive av Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 14.06.2021