Hopp til innhald
Bokmål
Oppgave

Case: Etikk i kommunikasjonsarbeid

Bedriften er på randa av konkurs, men i dag har du og styret hatt møte med investor X som vil spytte inn ny kapital i bedrifta. Vilkåret er at dette blir halde hemmeleg i ei veke.

Case

Du er kommunikasjonsansvarleg i hjørnesteinsbedrifta i lokalsamfunnet. De er på randa av konkurs, men i dag har du og styret hatt møte med investor X som vil spytte inn ny kapital i bedrifta. Vilkåret er at dette blir halde hemmeleg i ei veke. De går for tilbodet.

Kva svarar du journalisten som ringer etter møtet og spør: «Har de hatt møte med investor X?»

Oppgåve

  1. Jobb saman i grupper på to eller tre.
  2. Trekk inn dei etiske retningane og .
  3. Identifiser kven kommunikasjonsrådgjevaren har forpliktingar overfor.
  4. Presenter ulike moglege handlemåtar, og grunngi desse ut frå profesjonsetiske prinsipp i kommunikasjonsbransjen og bransjenormer om samfunnsansvar.
  5. Lag ei oppsummering og avtal levering med lærar.

Omgrep

Pliktetikk
Pliktetikken seier at det finst visse moralske normer og reglar som bestemmer kva som er rett eller gale, til dømes at du ikkje skal lyge, stele eller drepe. Desse reglane har vi plikt til å følgje, uavhengig av konsekvensane.
Konsekvensetikk
Konsekvensetikk ein type etikk som vurderer ei handling ut frå følgene (konsekvensane) ho får: Fører handlinga til eit moralsk riktig resultat, er ho riktig. Derfor kan ein konsekvensetikar handle uetisk, til dømes lyge, så lenge det fører til at han eller ho oppnår det rette til slutt.

Relatert innhald