Veiledning
Åtte tips til opptak med grønvegg
Her får du ei liste med gode råd du kan bruke når du skal gjere opptak med grønvegg.
- Lag grønveggen så stram og slett som mogleg!
Skuggar skaper kjapt store problem seinare i produksjonen. Bruk gaffatape, klyper og strikk, eller mål ein grøn vegg i studio. - Fargetemperatur.
Lys har farge (varmt til blått). Har du ledlampar, set gjerne fargetemperaturen til 5600k (dagslys). Har du andre lampar, må du ta utgangspunkt i fargetemperaturen deira. - Sørg for at lyset blir jamt på flata.
- Avgrens grønveggen.
Det kan vere lurt å gjere han berre litt større enn det du treng. Bruk til dømes sort stoff (molton) til avgrensinga. - Hald god avstand mellom grønt og person/objekt.
Dette gjer du for at det grøne ikkje skal smitte grønt på person/objekt. Ver forsiktig med blanke gjenstandar. Dette gjer også at du kan setje lys på objekt heilt uavhengig av grønveggen. - Set kvitbalansen i kamera på 5600k.
- Bruk så låg ISO som mogleg.
Høg ISO gir støy i biletet, noko som øydelegg for keying og nøkling. - Gjer testopptak.
Bruker du tipsa over ved opptak med grønvegg, slepp du negative overraskingar og unødig tidsbruk i etterarbeidsfasen.