Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Oppgåvebank

Oppgåve

Vekta kjørnar

Ein vekta kjørnar som slaghammar gir presise og kraftige markeringar på metall. Rett materialval, som tungstenkarbid for spissen og messing for slagvekta, sikrar haldbarheit og effektivitet. Kan du lage din eigen?

Kva er ein vekta kjørnar?

Ein vekta kjørnar som fungerer som ein slaghammar, er designa for å gi eit kraftig og presist slag utan behov for ein ekstern hammar. For å lage ein slik kjørnar som er både effektiv og slitesterk, er materialvalet avgjerande.

Kvar del av kjørnaren må tilpassast spesifikke krav til styrke, vekt og haldbarheit.

Materialval for dei ulike delane

Spissen

Spissen på kjørnaren er den mest kritiske delen, for han må tole gjentekne harde slag mot harde materiale.

Materiale

tungstenkarbid
ekstremt hardt og slitesterkt, ideelt for å lage presise markeringar på harde materiale som stål
herda verktøystål
ein rimelegare, men framleis robust løysing. Kan varmebehandlast for å auke hardleiken og slitestyrken.

Varmebehandling

Herding og anløping er nødvendig for verktøystål for å sikre ein skarp og motstandsdyktig spiss.

Slagvekta

Slagvekta i ein vekta kjørnar gir kraft til slaget og må vere tung og haldbar.

Materiale

høgkvalitetsstål
god slitestyrke og kan tilpassast med ei rustvernande overflatebehandling
messing
tungt, korrosjonsbestandig og dempar vibrasjonar betre enn stål
tungmetall
bruk av wolfram for maksimal vekt i eit kompakt design, trass i høg kostnad

Overflatebehandling

Pulverlakk eller galvanisering kan forhindre rust og gi eit betre grep.

Aksling

Skaftet må vere slitesterkt og sikre stabil rørsle av slagvekta.

Materiale

rustfritt stål
korrosjonsbestandig og haldbart, ideelt for langvarig bruk
aluminium
lett og korrosjonsbestandig alternativ som reduserer totalvekta, men som må vere godt dimensjonert for å tole belastningane
komposittmateriale eller plast
kan brukast for ergonomi og redusert vekt, men mindre slitesterkt enn metall

Frontstykket

Frontstykket skal ta imot krafta frå slagvekta og overføre ho til spissen. Materiala må derfor tole denne kraftoverføringa.

Materiale

høgkvalitetsstål
god slitestyrke og kan tilpassast med ei rustvernande overflatebehandling
messing
tungt, korrosjonsbestandig og dempar vibrasjonar betre enn stål

Varmebehandling og overflatebehandling

For å auke levetida og ytinga til kjørnaren bør nokre delar bli behandla:

  • herding og anløping: spissen og andre kritiske belasta delar, som slagvekta

  • rustvern: galvanisering, oksidering eller pulverlakk for stålkomponentar som kan korrodere

  • belegg på handtaket: gummibelegg eller teksturerte overflater for betre grep

Døme på materialkombinasjon

  • spiss: tungsteinkarbid eller herde karbonstål

  • slagvekt: messing for god demping og vekt

  • skaft: stål for styrke og korrosjonsmotstand

  • frontstykke: stål for kraftoverføring

Ved å bruke dei rette materiala og metodane kan du lage ein vekta kjørnar som kombinerer presisjon, haldbarheit og brukarvennlegheit – eit verktøy du kan stole på i alle metalltilarbeidingsprosjekt.

Arbeidsteikning og 3D-teikning

Arbeidsteikninga for dette læringsoppdraget ligg lagd ved som ei PDF-fil, og du kan skrive ho ut, viss du ønsker. Teikninga viser dei ulik trinna for produksjon.

I tillegg ligg det vedlagt ei 3D-fil av delen. Ho kan opnast i eit CAD-program, som Autodesk Fusion 360. Denne fila er i formatet F3D.

Skrive av Roger Rosmo.
Sist oppdatert 07.01.2025