Vekta hammar

Kva er ein vekta hammar?
Ein vekta hammar er konstruert for å gi ekstra kraft til slaga ved å legge til ekstra vekt i hammarhovudet. Her er ei generell beskriving av korleis ein typisk vekta hammar er bygd opp, og korleis han fungerer.
Hammarhovud
Dette er den delen av hammaren som kjem i kontakt med det du slår på. I ein vekta hammar er hammarhovudet vanlegvis laga av stål eller anna tungt materiale for å gi ekstra vekt og kraft til slaga.
Vekta kjerne
Inne i hammarhovudet er det ein kjerne laga av tungt materiale, til dømes stål, jern eller bly. Denne kjernen gir hovudvekta til hammaren og er det som gjer hammaren "vekta".
Handtak
Handtaket på ein vekta hammar er vanlegvis laga av tre eller stål og er festa til hammarhovudet. Det gir brukaren eit grep og kontroll over hammaren når han blir brukt.
Handtakkjerne
I nokre vekta hamrar kan det vere ein kjerne i handtaket òg, som er laga av eit tungt materiale for å legge til ekstra vekt til hammaren. Dette bidreg til å balansere hammaren og gi ekstra kraft til slaga.
Balansering
Ein viktig faktor i designet av ein vekta hammar er å sørge for at vekta er jamt fordelt mellom hammarhovudet og handtaket for å gi god balanse. Dette bidreg til å gjere hammaren meir behageleg å bruke og gir betre kontroll over slaga.
Den ekstra vekta i ein slik hammar gir altså meir kraft til slaga, noko som kan vere nyttig for å drive spikar inn i harde materiale, bryte opp materiale eller utføre andre oppgåver som krev ekstra kraft. Det er viktig å bruke rett teknikk og ha god kontroll over hammaren for å unngå skadar.
Lag din eigen vekta hammar
Hugs HMS. Sjå eigne ressursar om maskinene. Aktuelle maskiner til dette oppdraget kan vere:
søyleboremaskin: Sikker bruk av søyleboremaskiner
fres: Sikker bruk av fres
dreiebenk: Sikker bruk av CNC-maskiner
bandsag/kaldsag: Sikker bruk av bandsag
svingjern – gjengebakke og gjengetapp: Boring og innvendig gjenging
Arbeidsteikning og 3D-teikning
Arbeidsteikninga for dette læringsoppdraget ligg lagd ved som ei PDF-fil, og du kan skrive ho ut, viss du ønsker. Teikninga viser dei ulik trinna for produksjon.
I tillegg ligg det vedlagt ei 3D-fil av delen. Ho kan opnast i eit CAD-program, som Autodesk Fusion 360. Denne fila er i formatet F3D.
- Vekta hammar(PDF)
Refleksjon
Vekta hamrar kan lagast i mange ulik storleikar. Klarer du å teikne din eigen hammar i ein annan storleik i CAD-programmet? Du kan gjerne ta utgangspunkt i fila som følger med, og gjere endringar der.

