Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Oppgåvebank

Oppgåve

Vedkløyvar for opptenningsved

Når du skal tenne opp i omnen eller eit bål, treng du ofte opptenningsved. I dette læringsoppdraget skal du lage ein enkel vedkløyvar for å kløyve opptenningsved.

Kva er ein vedkløyvar?

Vedkløyvaren er ein reiskap som gjer at du slepp å bruke øks for å dele opp ved i mindre bitar. Å kløyve med øks kan innebere ein stor risiko, då du ofte må halde vedskia støytt med den eine handa mens du hogger med øksa som du held i den andre handa. Då er det fort gjort å treffe fingrane eller handa med øksa, og det kan oppstå ein skade.

Det finst mange ulike typar vedkløyvarar, både elektriske og hydrauliske, men utgåva vår er heilt mekanisk og er berekna for å bli hengd på veggen.

Framgangsmåte ved bruk

  1. Løft handtaket med den eine handa.

  2. Legg vedskia mellom anleggsflata og kniven (vel etter lengda på vedskia).

  3. Press kniven mot vedskia ved å trykke handtaket nedover.

Tenk over

Vil lengda på kniven eller vinkelen mellom kniv, anleggsflate og vedskie påverke krafta som trengst for å kløyve vedskia?

Kan det vere behov for modifikasjon av vedkløyvaren til din bruk?

Vedkløyving

Lag din eigen vedkløyvar

Delane som skal nyttast, kan lagast både manuelt og ved hjelp av CNC-styrte maskiner. Du kan sjølv velje framgangsmåte basert på kva utstyr du har på verkstaden.

Hugs HMS. Sjå eigne ressursar om maskinene. Aktuelle maskiner til dette oppdraget kan vere:

Det er viktig at du lagar deg ein god arbeidsplan som beskriv korleis du vil gå fram for å lage din eigen vedkløyvar.

Refleksjon: Val av materiale og overflatebehandling

Når du skal lage ein slik vedkløyvar, kan det vere formålstenleg å tenke på kva belastningar han skal utsetjast for, og eventuelt kva miljø han skal stå i.

Sjølve kløyvekniven skal slipast og halde seg skarp over lang tid.

  1. Kor tjukke må materiala vere for å halde nok styrke ved like?

  2. Er det nokon av delane som kan vere eigna for varmebehandling, til dømes herding?

  3. Kva type overflatebehandling trur du kan vere eigna?

Arbeidsteikning og 3D-teikning

Arbeidsteikninga for dette læringsoppdraget ligg vedlagd som ei PDF-fil, og du kan skrive ho ut, viss du ønsker. Teikninga viser dei ulik trinna for produksjon.

I tillegg ligg det vedlagt ei 3D-fil av delen. Ho kan opnast i eit CAD-program, som Autodesk Fusion 360. Denne fila er i formata F3D og STEP.

Det er òg vedlagt filer for bruk på CNC-styrt skjereutstyr, i form av DXF-filer.


Skrive av Roger Rosmo og Torbjørn Nordvik Helgesen.
Sist oppdatert 22.11.2024