Sveisetvinge

Kva er ei sveisetvinge?
Sveisetvinga blir brukt for å halde to eller fleire gjenstandar saman. Ho har to parallelle kjeftar og ein skrue som du kan justere avstanden mellom kjeftane med.
Ho er svært enkel å bruke. Du berre legg kjeftane over dei gjenstandane som skal klemmast saman, og vrir på justeringshjulet.
Lag di eiga sveisetvinge
Hugs HMS. Sjå eigne ressursar om maskinene. Aktuelle maskiner til dette oppdraget kan vere:
søyleboremaskin: Sikker bruk av søyleboremaskiner
fres: Sikker bruk av fres
dreiebenk: Sikker bruk av CNC-maskiner
bandsag/kaldsag: Sikker bruk av bandsag
Det er viktig at du lagar deg ein god arbeidsplan som beskriv korleis du vil gå fram for å lage di eiga sveisetvinge.
Arbeidsteikning og 3D-teikning
Arbeidsteikninga for dette læringsoppdraget ligg lagd ved som ei PDF-fil. Teikninga viser dei ulik trinna for produksjon.
I tillegg ligg det vedlagt ei 3D-fil av delen. Ho kan opnast i eit CAD-program, som Autodesk Fusion 360. Denne fila er i formatet F3D.
- Sveisetvinge(PDF)
- Sveisetvinge v35(STEP)
Refleksjon
Kan det i dette tilfellet vere aktuelt å nytte ulike materiale i sjølve kjeftane og strammemekanismen? Viss ja: kvifor?
Kan sveisetvinga overflatebehandlast? Kva må du eventuelt ta omsyn til viss du skal overflatebehandle dei ulike delane?
Relatert innhald
Lær korleis du kan lage ein plan for eit arbeidsoppdrag.