Slik planlegg du eit arbeidsoppdrag

Innleiing
Det kan vere krevjande å sette opp ein god plan for eit større arbeidsoppdrag. Bruk derfor gjerne planleggingsverktøyet eller det nedlastbare skjemaet nedst i denne artikkelen. Det kan gjere jobben enklare.
Du jobbar deg gjennom punkta steg for steg, og til slutt får du eit samandrag som du kan skrive ut eller lagre.
Situasjonsskildringa
Alle arbeidsoppdrag startar med ei situasjonsskildring. Skildringa er vanlegvis basert på eit problem kunden har, eller eit prosjekt kunden ønsker å gjennomføre for å auke produktiviteten eller betre sikkerheita.
Situasjonsskildringa gir også nokre rammer for oppdraget, til dømes kvar og når arbeidet skal gjerast.
Analyse av arbeidsoppdraget
Når du har lese og forstått situasjonsskildringa, må du lage ein plan for kva du skal gjere. Del opp arbeidsoppdraget i mindre arbeidsoperasjonar og sett opp ei kort punktliste.
Faremoment
Når du har funne ut kva for arbeidsoperasjonar som er nødvendige, gjennomfører du ein sikker jobb-analyse (SJA) for dei enkelte arbeidsoperasjonane, og vurderer om nokre av dei kan innebere ein risiko.
Du må òg oppgi kor stor skade som kan oppstå for kvar enkelt arbeidsoperasjon og kvart enkelt risikomoment. Det gjer du med ein risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS).
Her er det viktig å spesifisere kor ofte ein skade kan skje, og kor omfattande han kan bli. Bruk gjerne skjemaa nedanfor som hjelpemiddel.
HMS og behov for verneutstyr
Når du har avdekt moglege faremoment, må du vurdere kva slags personleg verneutstyr du treng. Lag ei liste over dette utstyret. Forklar kvifor du har valt dette verneutstyret, og kva farar det skal verne deg mot.
Firmaet du skal utføre arbeidsoppdraget for, kan stille spesielle krav til verneutstyr som kjem i tillegg til verneutstyret du treng til det konkrete arbeidsoppdraget ditt. Spør ansvarleg hos oppdragsgivar om dette.
Arbeidsplan
Rammene for prosjektet er avklarte, og du kan planlegge arbeidsprosessen. Du har allereie ei liste over dei arbeidsoperasjonane oppdraget krev. Finn ei hensiktsmessig rekkefølge for desse arbeidsoperasjonane, og grunngi rekkefølga du har valt.
Arbeidsløyve
Viss du er innleigd for å gjere ein jobb hos ei bedrift, må du vanlegvis få arbeidsløyve før du kan begynne på sjølve arbeidet. Bedrifta vil sikre seg at du har vareteke HMS, og at du har ein god og effektiv arbeidsplan som forstyrrar drift og produksjon minst mogleg.
Når du er ferdig med arbeidsplanen, må du derfor ta kontakt med personen som er ansvarleg for produksjonen. Området du skal jobbe i, kan til dømes vere i nærleiken av andre maskiner eller i ei produksjonslinje. Då må du få avklart når det er trygt å jobbe i området. Du må også få vite om nokre maskiner kan stengast ned om nødvendig.
Først når alle viktige forhold er avklarte, kan du få arbeidsløyve frå ein leiar eller eit verneombod. Då er du klar til å begynne på sjølve arbeidsoppdraget.
Delar, materiale og verktøy
For å kunne gjennomføre oppdraget må du ha verktøy, delar og materiale. Lag ei liste over delar og materiale du må skaffe, og over verktøy og utstyr du treng for å utføre jobben på ein fagmessig og god måte.
Grunngi val av materiale, delar og verktøy.
Arbeidsskildring
Ta fram igjen arbeidsplanen du har laga. No beskriv du detaljert korleis du skal gjennomføre jobben. Ta også med val av verktøy, materiale og maskininnstillingar.
Slutt- og funksjonskontroll
Når jobben er avslutta, må du gjennomføre ein sluttkontroll for å vurdere resultatet. Nemn personane du vil ha med på ein sluttkontroll, og forklar korleis du har tenkt å gjennomføre sluttkontrollen.
Vurder òg behovet for merking og dokumentasjon viss du har produsert ein ny installasjon eller ei ny produksjonslinje.
Reingjering og kjeldesortering
Når jobben er utført, må du rydde opp etter deg. Beskriv korleis du vil rydde og reingjere på arbeidsstaden, og kva du vil gjere med avfall og materialrestar.
Dokumentasjon
Når arbeidsoppdraget er utført, skal du òg dokumentere kva du har gjort. Lag ei oversikt over opplysningar som må vere med i dokumentasjonen, og over personar som skal ha dokumentasjonen.
Planleggingsverktøy for arbeidsoppdrag
Bruk dokumentasjonsverktøyet eller PDF-en under for å planlegge oppdraget. Du jobbar deg gjennom dei enkelte punkta trinn for trinn, og til slutt får du eit samandrag som du kan skrive ut eller lagre.