Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Oppgåvebank

Oppgåve

Skrutrekkarstativ, veggmontert

Dersom du har mange skrutrekkarar, kan det vere smart å ha eit stativ å setje dei i, slik at det er lettare å finne rett type. Kanskje du klarer å lage ditt eige stativ?

Skrutrekkarstativ

Eit slikt skrutrekkarstativ kan vere fint å henge på veggen, og du får full oversikt over kva skrutrekkarar du har, og det blir dermed lett å finne akkurat rett type.

Du må her utføre ein del platearbeid, som å klippe, sage, bore og knekke plata.

Storleiken på hola du skal setje skrutrekkarane i, kan du tilpasse storleiken på dine eigne skrutrekkarar, og viss du har fleire enn det er plass til her, kan du jo modifisere teikninga og lage din eigen versjon.

Lykke til!

Skrive av Roger Rosmo.
Sist oppdatert 26.09.2024