Oppgåve
Skrutrekkarstativ, bordmontert
Viss du har mange skrutrekkarar, kan det vere smart å ha eit stativ å setje dei i, slik at det er lettare å finne rett type. Kanskje du klarer å lage ditt eige stativ?

Ein oversiktleg måte å oppbevare skrutrekkarar på! Tek du utfordringa med å lage ditt eige stativ?
Skrutrekkarstativet
Eit slikt skrutrekkarstativ kan vere fint å ha ståande på bordet. Du får full oversikt over kva skrutrekkarar du har, og det blir dermed lett å finne akkurat den rette.
Her må du utføre ein del platearbeid, som å klippe, sage, bore og knekke plata.
Du kan tilpasse storleiken på hola du skal setje skrutrekkarane i, til dine eigne skrutrekkarar, og viss du har fleire enn det er plass til her, kan du jo modifisere teikninga og lage din eigen versjon. Kanskje du klarer å lage avstandshylsene på ein 3D-printer?

Dette stativet er godt eigna til å oppbevare skrutrekkarar i. Kan du lage ditt eige?
3D-teikning
3D-teikninga av dette bordstativet ligg vedlagt i F3D-format.
For å få ut ei vanleg arbeidsteikning må du opne denne fila i eit CAD-teikneprogram og generere arbeidsteikninga der.
Tek du denne utfordringa?