Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Emne

Beltespenna

Fagstoff
Video

Produksjon av del for anodisering

Når du skal anodisere, treng du ein del av aluminium. Her skal vi vise deg korleis du kan lage ei beltespenne du seinare kan anodisere.

Film om produksjon av beltespenne (2:33)

Video: Torbjørn Nordvik Helgesen / CC BY-SA 4.0

Lag di eiga beltespenne

Her kan du laste ned arbeidsteikningar og 3D-modellar av to ulike beltespenner. Desse teikningane kan du fritt redigere slik at du kan lage di eiga beltespenne med personleg preg.

Beltespenna

Den første beltespenna består av fem delar som er enkle å maskinere med CNC-fres og dreiebenk. Du kan setje ditt personlege preg på spenna ved å lage unike mønster på distansestykket.

Den andre beltespenna består av færre, men meir komplekse delar som krev maskinering frå to sider og nøyaktige toleransar.

I tillegg til maskinering må du lage ein M4-skrue som held pinnen i spenna, og du må 3D-printe hemper til beltet.

Det er viktig å hugse at anodisering er ei svært tynn overflatebehandling. Alle riper og merke på delen vil vere synlege etter anodiseringa, så det er viktig å førebu overflata nøye.

Du kan bruke fil, smergelpapir og pusseklut for å jamne ut overflata og skape den finisjen du ønsker, anten matt, børsta eller blank.

Spørsmål

  • Korleis påverkar anodisering utsjånaden til den ferdig anodiserte delen?

  • Kan du nemne tre ulike overflatebehandlingar du kan utføre før du anodiserer delen?

  • Kor tynt er oksidlaget som blir resultatet?

3D-modellar

Her kan du laste ned forslag til utforming av beltespenna. Filene kan du sjølv redigere, slik at du kan tilpasse dei etter ditt eige ønske.

Skrive av Roger Rosmo og Torbjørn Nordvik Helgesen.
Sist oppdatert 04.10.2024