Produksjon av belte
Film om produksjon av belte (4:41)
Gjenbruk og resirkulering
Når ein bil ikkje lenger kan gjere jobben sin som køyretøy, kan han framleis vere ein ressurs ved at brukbare delar blir henta ut for å gi andre bilar eit lengre liv på vegen. Og sjølv når dei brukbare delane er henta ut, kan sjølve materiala bilen er bygd opp av, bli sorterte og brukte vidare.
Aluminium og stål blir separert og selt vidare. Å smelte om aluminiumsfelgar til nye emne bruker berre fem prosent av energien vi måtte brukt om vi skulle produsert aluminium frå botnen av.
Når vi sparer energi, sparer vi ofte pengar òg. Derfor sparer vi både miljøet og lommeboka når vi hentar ut materiala til belta våre frå bilvrak, framfor å kjøpe nye tekstil i butikken.
Kva kan du bruke som belte?
Bilbelta i ein bil består av nylon. Nylon er eit materiale med stort miljøavtrykk, fordi det er petroleumsbasert, og fordi det trengst store mengder vatn for å kjøle fibrane under produksjonen. Ved å gi bilbelta nytt liv optimaliserer vi ressursbruken som allereie er investert i produksjonen av nylonmaterialet.
Tilpass beltet
Du må trimme breidda av beltet så det passar til beltespenna. Det gjer du lettast ved å bruke ei saks som er eigna for å klippe tekstil, for bilbelte er solide saker.
Nylon er eit slitesterkt plastmateriale, og bilbelta toler store krefter når dei er uskadde. Men så fort det oppstår ein skade i stoffet, kan beltet enkelt rivast sund, og det vil falle frå kvarandre om vi brukte det som belte. Dette er grunnen til at du må byte bilbeltet i bilen med ein gong dersom det har fått eit lite kutt, for då vil det ikkje fungere i ei ulykke.
Forsegle kuttflater
For å unngå at belta går i oppløysing, må du forsegle kuttflatene med varme. Du kan bruke ein loddebolt med brei tupp for å gjere kuttflata endå jamnare. Ved å stryke den smelta plasten utover kuttflata får du ei meir uniform overflate.
Målet er å smelte dei ytste nylonfibrane saman, slik at beltet ikkje lenger vil falle frå kvarandre. Prosessen vil danne giftig røyk, så her må du ha avsug på plass.
Du må unngå å varme beltet for mykje, for elles vil fibrane bli forkola i staden for å smelte, og då blir ikkje beltet lenger like fleksibelt.
Lage hol i beltet
For å lage hola til spenna kan du òg bruke loddebolten, men denne gongen med ein rund spiss.
For å gjere dette kan du opne skrustikka slik at loddebolten akkurat passar, så kan du plassere beltet over skrustikka og presse loddebolten ned i beltet for å lage hola. Pass på å presse spissen heile vegen ned, så området rundt holet òg får ei smelta flate. Før loddebolten inn frå begge sider for å sikre at fibrane i beltet ikkje losnar.
Spørsmål
1. Miljø og ressursbruk
Korleis kan gjenbruk av materiale frå bilvrak, som aluminium, stål og nylon, bidra til å redusere miljøavtrykket vårt samanlikna med å produsere nye materiale?
2. Sikkerheit og slitestyrke
Kvifor er det viktig å byte ut bilbelte i bilar viss dei har fått små skadar, og korleis påverkar dette kor eigna dei er som gjenbruksmateriale?
3. Praktisk bruk av resirkulerte materiale
Kva er fordelane og utfordringane med å tilpasse bilbelte til nye bruksområde, som til dømes vanlege belte, og kva ferdigheiter treng ein for å gjere dette på ein sikker og effektiv måte?