Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Beltespenna

Fagstoff
Video

Oppsett av kjemikalbad

Du bør setje opp dei ulike kjemikala du skal nytte ved anodisering, i same rekkefølge som du skal bruke dei i sjølve prosessen.

Film om oppsett av kjemikalbad (3:03)

Før du handterer kjemikala, må du sørge for å lese sikkerheitsdatablada nøye og ta på deg nødvendig verneutstyr. Start med å plassere dei fire behaldarane på arbeidsbordet, så kan du fylle i dei ulike kjemikala.

Video: Torbjørn Nordvik Helgesen / CC BY-SA 4.0

Sjekk alltid databladet til kjemikala før du tek dei i bruk, og hugs nødvendig verneutstyr ved bruk av kjemikal.

Framgangsmåte

Reingjeringsbad

Fyll den første behaldaren med avfeittingsmiddel for å fjerne feitt og fingeravtrykk frå delane. Skyl delane godt med vatn etterpå.

Etsebad

Fyll den andre behaldaren med ei blanding av kaustisk soda og vatn for å fjerne det naturlege oksidlaget. Bruk varmbestandige glasbehaldarar sidan blandinga genererer varme. Etsing gir ei mattere overflate jo lenger delen er i badet.

Anodiseringsbad

Fyll den tredje behaldaren med svovelsyre (20 prosent konsentrasjon) for å bygge opp eit nytt oksidlag. Hell oppi nok til at heile delen kjem til å bli dekt, og plasser opphenget laga av titan eller aluminium i behaldaren.

Fargebad (valfritt)

Etter anodisering kan du dyppe delane i fargebad mens oksidlaget framleis er porøst. Dette gir ein slitesterk farge som blir ein del av oksidlaget.

Forseglingsbad

Til slutt blir dyppar du delane i varmt vatn for å forsegle oksidlaget og forbetre korrosjonsmotstanden.

Spørsmål

  • Kva gassar blir danna under prosessen, og i kva situasjon kan dei utgjere ein fare?

  • Vil prosessen gå fortare eller saktare om syra blir blanda til høgare konsentrasjon? Bruk gjerne internett for å finne ut dette.

  • Korleis vil temperaturen påverke prosessen?

  • Når du blandar ut svovelsyra, skal du ha syra i vatn eller vatn i syra?

Relatert innhald

Sikkerheitsdatablad

Datablad for helse, miljø og sikkerheit (HMS) er viktige dokument for å bli kjend med faremoment ved ulike stoff.

Skrive av Roger Rosmo og Torbjørn Helgesen Nordvik.
Sist oppdatert 04.10.2024