Opprettarhammar i kompositt

Kva er ein opprettarhammar?
Ein opprettarhammar er eit verktøy som blir nytta innan biloppretting, altså når du skal rette bulkar og skadar på ei metallplate.
Denne typen hamrar har ofte ei mjukare slagflate enn stålet du skal banke på, og slagflatene er avrunda. Denne hammaren har ei slagflate med stor radius og ei spissare slagflate med liten radius.
Kompositt
I denne hammaren er det valt å lage handtaket i eit komposittmateriale i staden for metall. Det gjer at hammaren blir veldig lett og sterk, men kompositt kan òg lett skadast og sprekke viss han blir utsett for feilbelastningar.
Innanfor industri er glasfiber og karbonfiber blant dei mest kjende kompositta.
Komposittrøyra som blir brukte her, kan kjøpast som metervare, eller du kan støype dei sjølv viss du har utstyr for dette.
Lag din eigen opprettarhammar
Hugs HMS. Sjå eigne ressursar om maskinene. Aktuelle maskiner til dette oppdraget kan vere:
søyleboremaskin: Sikker bruk av søyleboremaskiner
fres: Sikker bruk av fres
dreiebenk: Sikker bruk av CNC-maskiner
bandsag/kaldsag: Sikker bruk av bandsag
svingjern – gjengebakke og gjengetapp: Boring og innvendig gjenging
Arbeidsteikning og 3D-teikning
Arbeidsteikninga for dette læringsoppdraget ligg lagd ved som ei PDF-fil, og du kan skrive ho ut, viss du ønsker. Teikninga viser dei ulik trinna for produksjon.
I tillegg ligg det vedlagt ei 3D-fil av delen. Ho kan opnast i eit CAD-program, som Autodesk Fusion 360. Denne fila er i formatet F3D.
- Opprettarhammar(PDF)
Refleksjon
Denne opprettarhammaren kan lagast i mange ulik storleikar. Klarer du å teikne din eigen opprettarhammar i ein annan storleik i CAD-programmet? Du kan gjerne ta utgangspunkt i fila som følger med, og gjere endringar der.

Biletkarusell
Biletkarusellen viser ulike ferdigproduserte utgåver av hammaren (laga av elevar), med fargedetaljar som gir særpreg.
Relatert innhald
Komposittmateriale eller kompositt er ei samlenemning for blandingsmateriale der ein utnyttar dei gode eigenskapane til kvar del.