Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Oppgåvebank

Oppgåve

Oppheng til vinkelslipar

Vinkelsliparen er eit dyrt verktøy, og sjølve slipeskiva er kjenslevar for slag. Det er derfor smart å henge han på veggen. Kva med å lage ditt eige oppheng?

Lag ditt eige oppheng for vinkelslipar

Vinkelsliparen er eit elektrisk verktøy der slipe- eller kuttskiva roterer med veldig høgt turtal. Derfor er det viktig at verktøyet blir oppbevart på ein trygg måte slik at det ikkje blir skadd. Vinkelsliparen har òg eit handtak du kan ta av, og eit eige verktøy for å skifte skiva. Kvifor ikkje lage eit eige oppheng der du oppbevarer vinkelsliparen trygt saman med handtaket og verktøyet?

Her kan du velje kva materiale du ønsker å nytte, og kanskje kan du velje ein farge på overflata som speglar fargen på vinkelsliparen?

Lykke til!

3D-teikning

3D-teikninga av dette bordstativet ligg lagt ved i F3D-format. Du kan opne denne fila i eit CAD-teikneprogram og generere arbeidsteikninga der. I tillegg ligg det vedlagt ei DXF-fil du kan bruke i skjeremaskina.

Skrive av Roger Rosmo.
Sist oppdatert 26.09.2024