Nøtteknekkar

Kva er ein nøtteknekkar?
Nøtteknekkaren bruker du til å knuse det harde skalet på nøtter.
Det finst mange versjonar av nøtteknekkarar, både enkle og avanserte handhaldne, og meir stasjonære utgåver, som NDLAs versjon.
Lag din eigen nøtteknekkar
Når du skal lage ein slik nøtteknekkar, er det viktig at du lagar ein god arbeidsplan, gjennomfører ei risikovurdering knytt til dei maskinene du skal bruke, og varetek HMS.
Det er òg viktig at du har dokumentert sikkerheitsopplæring for dei maskinene du skal nytte. Sjå eigne ressursar om maskinene.
Maskiner til dette oppdraget kan vere:
søyleboremaskin: Sikker bruk av søyleboremaskiner
fres: Sikker bruk av fres
dreiebenk: Sikker bruk av CNC-maskiner
bandsag/kaldsag: Sikker bruk av bandsag
svingjern – gjengebakke og gjengetapp: Boring og innvendig gjenging
Val av materiale og utforming
Når du skal lage din eigen nøtteknekkar, står du fritt i val av materiale. Du må vurdere kva materiale som er eigna for dei ulike komponentane.
Det kan òg vere viktig å måle storleiken på nøttene du skal knekke, slik at storleiken på nøtteknekkaren passar med det du skal bruke han til.
Tenk over
Må du lage alle delane i metall?
Kan du 3D-printe noko?
Kan delane overflatebehandlast?
Kan du forandre utforming og storleikar ut frå nøttestorleik og materiale tilgjengeleg på skulen?
Sidan du skal bruke verktøyet på noko etande, må du ta omsyn til dette når du vel materiale. Du må òg vurdere om det er nødvendig med overflatebehandling slik at nøtteknekkaren blir fin å sjå på, samtidig som han skal vere enkel å reingjere.
Kva vel du?
Arbeidsteikning og 3D-teikning
Arbeidsteikninga for dette læringsoppdraget ligg lagd ved som ei PDF-fil, og du kan skrive ho ut, viss du ønsker. Teikninga viser dei ulik trinna for produksjon.
I tillegg ligg det vedlagt ei 3D-fil av delen. Ho kan opnast i eit CAD-program, som Autodesk Fusion 360. Denne fila er i formata F3D og STEP.
Du kan sjølv redigere desse filene viss du vil ha ei anna utforming på nøtteknekkaren din.
Filer til vanleg nøtteknekkar
- Nøtteknekker(STEP)
- Nøtteknekker, 3D-fil(F3D)
Filer til avansert nøtteknekkar

- Avansert nøtteknekkar(STEP)
Relatert innhald
Kan du lage ditt eige buksebelte? Denne serien med korte filmar på 2–4 minutt viser deg korleis du produserer både beltespenne og komplett belte.



