Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Dokumentert sikkerheitsopplæring for CNC-dreiebenk

Fagstoff
Interaktivt innhald

Nødstopp og verneinnretningar

Ein CNC-styrt dreiebenk er utrusta med ulike verneinnretningar for å redusere risikoen for uhell og skadar. Her får du eit innblikk i desse verneinnretningane.

Nødstopp og verneinnretningar

Ein CNC-styrt dreiebenk har fleire ulike nødstopp og verneinnretningar du må kjenne til. Trykk på symbola i biletet nedanfor for å få informasjon om dei ulike komponentane og funksjonane – eller les fagteksten.

Instruksjonsmanual

Dreiebenker kan vere utstyrte med spesielle sikkerheitskomponentar, eller dei kan vere bygde til spesiell bruk.

Det er derfor viktig at du les instruksjonsmanualen for dreiebenken du skal jobbe på, for å finne ut om han har slike spesielle innretningar.

Nødstoppbrytar

Ein nødstoppbrytar er ein raud trykkbrytar med tydeleg gul merking rundt knappen. Det kan òg stå eit symbol saman med brytaren.

Etter at du har trykt inn brytaren, må du vri han for å sette han tilbake i normalposisjon. Piler oppå brytarknappen signaliserer kva veg du skal vri.

Utforminga av nødstoppbrytaren er standardisert og blir brukt over heile verda.

Vernedeksel

Vernedekselet skal først og fremst verne deg mot den roterande kjoksen. Det hindrar òg at lause delar blir kasta ut i rommet, og at du hektar deg fast i roterande delar.

Viss du opnar vernedekselet under dreiing, skal dreiebenken stoppe. Du skal ikkje kunne starte dreiebenken igjen før dekselet er lukka.

Hydraulisk kjoks

Dei fleste CNC-dreiebenkar har ein hydraulisk kjoks som blir opna/lukka med ein fotpedal.

Kjoksen må først grunnjusterast mekanisk til eit toleranseområde som stemmer med arbeidsemnet ditt. Arbeidsstykket blir så klemt fast av hydrauliske bakkar ved bruk av fotpedalen.

CNC-dreiebenken vil ikkje starte viss det ikkje blir høgt nok hydraulisk trykk på bakkane, altså god nok klemkraft rundt arbeidsstykket.

Funksjonstest før bruk

Før du tek i bruk dreiebenken, må du alltid gjennomføre ein funksjonstest av verneinnretningane. Alt av verneinnretningar må fungere.

Viss eitt eller fleire nødstopp eller verneinnretningar ikkje fungerer slik dei skal, kan du ikkje bruke dreiebenken. Ta kontakt med læraren din eller med ein annan ansvarleg person som sørger for vedlikehald og reparasjon av dreiebenken.

Så lenge dreiebenken er i ustand, må han vere merkt, eller hovudstraumbrytaren må vere stengd av med ein hengelås eller barrikade. Det er viktig at ingen kan slå på maskina og utsette seg for fare. 

Kontrollspørsmål

Svar på kontrollspørsmåla nedanfor. Det kan vere fleire rette svar på kvart spørsmål.

Skrive av Roger Rosmo.
Sist oppdatert 14.06.2023