NDLA-smellen

Kva skal du lage?
NDLA-smellen er ei øving i findreiing. Når du lagar ein aksling og eit hol som på denne figuren, skal desse passe godt saman.
Klarer du å lage ei passing som slepper minimalt med luft ut eller inn mellom delane, vil du få eit kraftig smell viss du dreg delane hurtig frå kvarandre.
Her er det altså presisjonen din som avgjer lydnivået.
Toleransar
I denne øvinga skal vi jobbe med toleransen h7/H7. For å sjå kva dette inneber, må du lese om toleransar i Verkstedhåndboka på nettsidene til Nasjonalbiblioteket.
Ut frå teikninga skal vi ha eit basismål på 20 mm på akslingen og holet som skal passe saman.
Toleransen for måla er angitt med ein bokstav og eit tal. Det er viktig å vite at det er forskjell på liten og stor bokstav.
liten bokstav (h) blir nytta på akslingar
stor bokstav (H) blir nytta på boringar (hol)
I Verkstedhåndboka finn du øvre og nedre grenseverdi for både aksling og boring (hol).
NS ISO 286-2
NS ISO 286-2 er ein internasjonal standard som bruker toleranseklassar til å definere tillatne avvik i dimensjonar, og måleininga for både nedre avvik og øvre avvik frå basismålet.
Tala som kjem fram i tabellen, er oppgitt i mikrometer (μm), der 1 μm = 0,001 mm.
Aksling
Basismålet til akslingen er 20 mm. Når du ser i Verkstedhåndboka og tabell NS-ISO 286-2 og finn aksling med basismål 18–30 mm og toleranse h7, finn du øvre og nedre avvik. Dette er oppgitt frå 0 til -21.
For basismålet 20 mm h7 blir grenseverdiane då:
øvre grenseverdi: 20,000 mm
nedre grenseverdi: 19,979 mm
Dette betyr at diameteren på akslingen kan variere mellom 19,979 mm og 20,000 mm for å oppfylle toleransekrava.
Boring (hol)
Basismålet til boringa er òg 20 mm. Når du ser i Verkstedhåndboka og tabell NS-ISO 286-2 og finn boring med basismål 18–30 mm og toleranse H7, finn du øvre og nedre avvik. Dette er oppgitt frå 0 til +21.
For basismålet 20 mm H7 blir grenseverdiane då:
øvre grenseverdi: 20,021 mm
nedre grenseverdi: 20,000 mm
Dette betyr at diameteren til boringa kan variere mellom 20,000 mm og 20,021 mm for å oppfylle toleransekrava.
Overflate og grep
Viss du får ei svært god passing her, kanskje ned på 0,002 mm, vil det vere vanskeleg å trekke delane frå kvarandre. Då må du vurdere om du skal gi "handtaka" ein struktur. Dette kan vere å dreie spor i overflata, å serratere eller å lage ein annan grov struktur.
Materialval
Du kan prøve å lage NDLA-smellen i ulike materiale, som stål og aluminium. Kanskje du òg kan 3D-printe ein modell?
Det er viktig å sjå på korleis overflata blir, for porer i overflata kan føre til at det siv luft mellom delane, og du får eit dårlegare smell.
Du kan òg velje å overflatebehandle delane. Metoden du nyttar, kan avhenge av kva materiale du har brukt.
Val av måleverktøy
Når du skal dreie med slike små toleransar, er det viktig at du nyttar måleverktøy som er eigna for formålet.
Her skal du måle ned mot 1/1000 mm, og då er ikkje eit vanleg skyvelære nøyaktig nok. Her må du bruke eit digitalt skyvelære eller eit mikrometer. Pass òg på at verktøya du måler med, er kalibrerte.
Tenk over
Kva trur du skjer viss du overflatebehandlar dei delane du har dreidd så nøyaktig, og som skal passe saman?
Kva skjer med diameteren viss du påfører eit overflatebelegg?
Kva skjer med toleransane viss delen tek til å ruste?
Kva skjer viss måleverktøyet ditt ikkje er kalibrert rett og gir deg feil mål?
Arbeidsteikningar
Her får du arbeidsteikning og 3D-fil av modellen vår. Du kan sjølv velje å gjere endringar på teikningane, for å sjå om dette kan gjere nokon forskjell i lyden.
Trur du lengre aksling og boring vil gjere nokon forskjell? Kva med større diameter på aksling og boring?
- NDLA-smellen(STEP)
- NDLA-smellen(F3D)
Relatert innhald
Her skal vi sjå på ulike typar passingar og toleransar.
Her får du oppgåver der du reknar på toleransar og passingar.

