Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Oppgåvebank

Oppgåve

NDLA-boksen

NDLA-boksen er spesialdesigna for Arduino-programmering. Her får du høve til å lage din eigen boks som du kan bruke i programmeringsøvingar.

Lag din eigen Arduino-boks

Når du skal kople og programmere ein Arduino, blir det ofte mange leidningar og koplingar. Viss du kan samle Arduino, sensorar og aktuatorar, leidningar og koplingar i ein eigen boks, blir boksen som ei lita styringseining eller datamaskin.

Komponentane til boksen skriv du ut med ein 3D-skrivar. Sist i artikkelen finn du nedlastbare filer som kan overførast direkte til ein 3D-skrivar eller hentast inn i eit CAD-program og modifiserast der.

Gjer eigne modifikasjonar

Ønsker du å kople til andre sensorar og aktuatorar, til dømes skjerm, servomotor, trykk-knappar, DC-motor eller andre aktuelle komponentar, er det berre å ta mål av komponenten og modifisere anten lokk eller sidevegger slik at komponenten kan festast.

  • Kanskje du kan lage ein sidevegg med RFID-lesar og ein servomotor slik at du kan simulere opning av ei dør med eit kort eller ei brikke?

  • Kva med ein lyssensor og ein lysdiode som simulerer automatisk lysregulering basert på utvendig lys?

  • Kva med å lage eit piano med trykk-knappar for tangentar og ein buzzar som lagar dei ulike tonane?

Moglegheitene er mange, det er nesten berre fantasien som set grenser.

Skrive av Roger Rosmo.
Sist oppdatert 20.01.2025