Montering av spenne på belte
Montering av beltet
Under produksjonen kan det vere ein god idé å prøvemontere beltespenna for å sjå at hola du laga, er store nok for pinnen, og at delane passar saman.
Det er to måtar å feste spenna permanent på: med skruar eller med saum.
Montering med skruar
Bruk loddebolten til å lage hol på same måte som då du laga hola i enden av beltet. Avstanden mellom hola bør vere cirka 3 cm, slik at det er plass til den 3D-printa hempa mellom hola.
Når du har laga hola, kan du feste dei to første skruane og mutteren. Så kan du tre hempa over den lause enden av beltet, før du monterer dei neste to skruane og mutterane på plass.
No kan du montere beltespenna permanent, tre det tynne distansestykket halvvegs i beltet, feste pinnen og dytte distansestykket heilt gjennom beltet. Så kan du montere sideplata. Du kan stramme skruane heilt ned denne gongen, gjerne med gjengelåsing.
Film om montering med skruar (2:26)
Montering med saum
Beltet kan òg monterast ved hjelp av nål og tråd. Her kan du velje å nytte tråd i same farge som beltet, som beltespenna, eller du kan bruke ein kontrastfarge for å gi ditt personlege preg.
Det er viktig at du bruker ein solid tråd, og at du førebur hola med ein syl, slik at det blir enklare å få nåla gjennom beltet. Det er ulike mønster og teknikkar du kan nytte for å sy, og eit døme på eit slikt mønster og teknikk ser du i filmen.
Film om montering med saum (4:23)
Framgangsmåte
I denne filmen såg du korleis det er mogleg å smelte holet til pinnen med ein loddebolt, i staden for med saks, som vart vist i filmen om montering med skruar. Sjølv om denne metoden er mindre nøyaktig og krev ei stødig hand, sparer du tid og eit verktøy.
For å feste bretten i beltet med nål og tråd kan eit tips vere å følge denne framgangsmåten:
Fest beltet i skrustikka.
Bruk ein syl til å lage hol i beltet der nåla skal inn.
Knyt tråden fast på kanten.
Før nåla gjennom frå baksida, og trekk den andre nåla gjennom same hol.
Stram tråden for å danne ein knute inni holet.
Gjenta prosessen for kvar saum for å sikre eit sterkt samband.
Industrisaum
Når du syr hempa på plass, skaper kvart sting ein sterk knute. Samtidig som eit godt sydd samband kan vere sterkare enn eit skrudd, er det òg permanent. Å kunne sy kan vere nyttig for fleire reparasjonar, som å fikse skinnsete eller ratt.
Ferdigstilling/sluttmontering
Beltespenna blir montert som vist i filmane du har sett, med moglegheiter for å blande ulike fargar og formar. Uansett fargekombinasjon vil du få eit flott resultat!