Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Beltespenna

Fagstoff
Video

Montering av anodiserte delar

Når du er ferdig med å anodisere beltespenna, er ho klar til prøvemontering.

Film om montering av beltespenne (2:45)

Video: Torbjørn Nordvik Helgesen / CC BY-SA 4.0

Montering av beltespenna

Når delane til beltespenna er produserte og anodiserte, kan du montere dei.

  1. Start med å feste ein sidebrakett ved å setje ein skrue i hjørnet.

  2. Monter det tynne distansestykket.

  3. Monter det tjukke distansestykket.

  4. Plasser låsepinnen over det tynne distansestykket.

  5. Fest den andre sidebraketten.

Versjon 2 av beltespenna er meir komplisert å maskinere, men enklare å montere. Her skrur du den spesialdreidde M4-skruen inn, trer pinnen på og strammar til.

Viss hola ikkje er heilt på linje, kan du justere skruen for å få han på plass.

Vegen vidare

Med anodisering kan du skape mange spennande fargekombinasjonar, som du har gjort på skulen.

No som beltespennene er ferdige, er det tid for å lage beltet dei skal sitje på. Bli med i neste del av videoserien for å sjå korleis du kan lage eit belte av bilbelte frå ein vraka bil på bilopphoggeriet.

Skrive av Roger Rosmo og Torbjørn Nordvik Helgesen.
Sist oppdatert 04.10.2024