Modellering
Modellering i 3D
Film om teikning og modellering (3:24)
Start med firkantrøyr
Modelleringa begynner med at du teiknar eit rektangel som representerer det horisontale røyret. Rektangelet blir dimensjonert, og ved hjelp av Extrude-funksjonen blir breidda på røyret laga.
For å etterlikne det avrunda hjørnet på eit firkantrøyr bruker du Fillet. Deretter holar du ut røyret ved hjelp av Shell-funksjonen, slik at det blir ein hol struktur.
Skorstein og materøyr
Skorsteinen blir teikna som eit vertikalt rektangel som òg blir ekstrudert, runda av og hola ut med dei same teknikkane. Materøyret blir plassert i ein vinkel. Her må du teikne profilen med linjer, bruke verktøy for parallellitet, definere vinklar og mål og plassere røyret nøyaktig i forhold til det horisontale røyret.
Igjen bruker du Extrude, Fillet og Shell for å fullføre materøyret.
Utskjeringar mellom røyra
For å kople saman røyra lagar du utskjeringar ved å teikne eit rektangel der opninga skal vere, og du bruker Extrude til å kutte bort materialet. Denne teknikken blir brukt både for opninga mellom det horisontale og det diagonale røyret og mellom det vertikale røyret og skorsteinen.
Kolrist og oskeskuffe
Kolrista blir modellert som tre strekar som blir ekstruderte symmetrisk. Oskeskuffa, laga av platemetall, blir dimensjonert i samsvar med firkantrøyra. Ei knekt plate blir festa i enden for å dekke den bakre opninga.
Spjeld og detaljar
Spjeldet til luftinntaket startar med ein aksling teikna som ei enkel linje. Diameteren blir definert med Pipe-funksjonen. Sjølve spjeldet er ei enkel plate med monteringshol. Lokket på materøyret og dei fire føtene som held omnen unna bakken, kompletterer modellen.
Arbeidstrinn
Her er ei generell arbeidsbeskriving for teikning av ein rakettomn i CAD-programmet ditt.
Horisontalt firkantrøyr
Teikn eit rektangel, dimensjoner det og bruk Extrude.
Bruk Fillet for runde av hjørne.
Hol ut røyret med Shell.
Vertikalt røyr (skorstein)
Teikn eit ståande rektangel.
Gjenta prosessen med Extrude, Fillet og Shell.
Materøyr i vinkel
Teikn profil med linjer, definer vinklar og mål.
Ekstruder, legg på radius og hol ut.
Utskjeringar for samankopling
Teikn rektangel på ønskt område.
Bruk Extrude for å fjerne materiale.
Kolrist
Teikn tre linjer.
Ekstruder symmetrisk.
Oskeskuffe
Modeller ei plate, dimensjoner til røyra.
Fest ei knekt plate i enden.
Spjeld og andre detaljar
Teikn aksling og bruk Pipe.
Lag spjeldplate med monteringshol.
Teikn lokk og føter.
Teikningar
Her kan du laste ned ei ferdig arbeidsteikning til rakettomnen i PDF-format og 3D CAD-filer i STEP- og F3D-format. Desse kan du opne i dataprogrammet ditt og gjere dine eigne endringar og tilpassingar i.
Lykke til.
- Stor rakettomn(F3D)
- Stor rakettomn(STEP)
Vi har òg eit alternativ som er ein mindre type rakettomn. Teikningar til denne finn du her:
- Liten rakettomn(F3D)
- Liten rakettomn(STEP)
Relatert innhald
Ein utandørs omn kan vere fin å ha for å varme seg eller koke eit enkelt måltid på. Her får du teikningar for å lage din eigen vesle utandørs rakettomn.