Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Oppgåvebank

Oppgåve

Lakkeringsstativ

Når du skal lakkere ein del, er det viktig å plassere han på eit stativ slik at du får ei ergonomisk god arbeidsstilling samtidig som du kjem til med lakk på heile delen. Her er eit forslag til eit slikt lakkstativ.

Fleksibelt stativ

Ved lakkering er det viktig å tenke på eiga helse. Dette handlar ikkje berre om kjemikal, men òg å ha ei god ergonomisk arbeidsstilling.

På ein bilverkstad skal du ofte lakkere enkeltdelar som dører og skjermar som er demonterte frå bilen, eller ein tank eller skjerm viss det er på ein motorsykkel. Då er det viktig å ha eit fleksibelt stativ der du kan montere delane for å gjere arbeidskvardagen din enklare samtidig som du varetek di eiga helse.

Her får du teikningar til eit fleksibelt lakkstativ du kan bruke til oppstilling av ulike delar som skal lakkerast. Du kan òg vidareutvikle stativet ved å teikne dine eigne opphengskrokar ut frå kva du skal lakkere. Kanskje nokre opphengskrokar òg kan 3D-printast eller maskinerast i ein fres eller dreiebenk?

Noko for deg?

Arbeidsteikning

Arbeidsteikninga for dette læringsoppdraget ligg lagd ved som ei PDF-fil, og du kan skrive ho ut, viss du ønsker.

Lykke til!

Skrive av Roger Rosmo.
Sist oppdatert 26.09.2024