Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Beltespenna

Fagstoff
Video

Introduksjon til anodisering

Anodisering er ein type overflatebehandling som blir nytta på aluminium. Her skal du få ei innføring i kva anodisering er.

Film om introduksjon til anodisering (2:03)

Video: Torbjørn Nordvik Helgesen / CC BY-SA 4.0

Å lage eit buksebelte

Vi i NDLA har utvikla to stilige beltespenner der du kan laste ned 3D-teikning, maskinere, overflatebehandle, montere og til slutt bruke beltet i arbeidsbuksa di!

Det kanskje beste av alt: Du kan fritt modifisere teikningane og velje farge, slik at du får ei beltespenne som viser kven akkurat DU er.

Kva skal du lære?

I denne videoserien viser vi deg korleis du kan hente ut bilbelte frå eit bilvrak til bruk som belte, og bruke anodisering – ein prosess som skaper eit hardt, gjennomsiktig lag på aluminium som kan fargast i ulike nyansar, til å lage ei beltespenne.

Kva er anodisering?

Sjølv om du kanskje ikkje kjenner til anodisering, har du garantert sett produkt som er anodiserte, til dømes karabinkrokar, fiskesneller og elektronikk. Prosessen blir brukt både for å verne mot korrosjon og for å gi produkta ein dekorativ utsjånad.

Industriell anodisering skjer i store kjemikalbad, men i denne serien viser vi korleis du kan setje opp ein enkel anodiseringsprosess på din eigen verkstad for å gi aluminiumsprodukta dine ein profesjonell finish.

Kvifor velje anodisering som overflatebehandling?

Anodisering er ein mildare prosess enn tradisjonell lakkering fordi han ikkje involverer løysemiddel og ikkje genererer VOC-ar. Sjølv om anodisering påverkar miljøet, er det meir berekraftig enn mange andre overflatebehandlingar, sidan syra og fargestoffa kan brukast fleire gonger.

Anodisering skaper eit svært slitesterkt og korrosjonsbestandig lag som forlenger levetida til produktet og reduserer behovet for hyppig utskifting, og dermed reduserer avfallsmengda.

Prosessen krev òg mindre energi enn andre teknikkar, som pulverlakkering, og metallet kan brukast opp att etter eloksering, noko som støttar prinsippet om sirkulær økonomi.

Spørsmål

  • Nemn to ulike grunnar til å anodisere aluminium.

  • Har det noko å seie korleis overflata til aluminiumet ser ut før anodiseringa?

  • I videoen får du vite at oksidlaget som blir danna, er tynt, men kor tynt er det? Bruk internett til å finne tre kjelder som seier noko om kor tjukt oksidlaget som blir danna under anodisering, er.

  • Kan du finne ein produktkategori der det finst anodiserte produkt som ikkje er nemnde i videoen?

Relatert innhald

Skrive av Roger Rosmo og Torbjørn Nordvik Helgesen.
Sist oppdatert 04.10.2024