Kva er anodisering?

Kva er anodisering?

Både aluminium og stål dannar eit oksidlag på overflata når dei kjem i kontakt med luft og reagerer på oksygenet i lufta. Oksidlaget på stål er rust, som et seg innover i stålet. Oksidlaget på aluminium avgrensar seg til overflata og stoppar vidare angrep på metallet under.

Anodisering er ein elektrokjemisk prosess som gjer det naturlege oksidlaget på aluminiumoverflata tjukkare. Aluminiumet blir plassert i eit svovelsyrebad som blir tilført straum. Då veks oksidlaget i både djupne og høgde.
Når oksidlaget når ein viss tjukkleik, oppstår det porer i overflata. Porene er svært små og ikkje synlege, verken med auget eller med mikroskop. For å sjå porene måtte vi ta ha teke i bruk elektronmikroskop.
Aluminiumdelen blir liggande i svovelsyrebadet til tjukkleiken på oksidlaget og poredjupna har blitt slik vi ønsker. Då kan vi kople av straumen og hente delen opp frå syrebadet.
Farging
Når delen nettopp har blitt anodisert i syrebad, er porene framleis opne. Om vi då dyppar delen i eit fargebad, vil porene derfor ta opp noko av fargen.
Forsegling
Etter fargebadet må vi forsegle oksidlaget ved å koke delen i vatn.
Resultatet etter anodisering, farging og forsegling er eit oksidlag som er tjukkare enn det naturlege oksidlaget, og som har teke til seg farge frå fargebadet. Fargen er slitesterk fordi han ikkje berre ligg oppå aluminiumet, men er ein del av oksidlaget til metallet.








