Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Oppgåvebank

Oppgåve

Hundematar

Ein hund skal ofte ha same mengde fôr på same tidspunkt kvar dag. Då kan det vere lurt å lage ei innretning som deler ut fôr automatisk. Jobben tek litt tid, men han er ikkje veldig vanskeleg. Prøv sjølv, då!

Kva er ein hundematar?

Ein automatisk hundematar gir kjæledyret nøyaktig mengde mat på faste tidspunkt sjølv når eigaren ikkje er heime. Du kan bruke ein Arduiono-kontrollar til å programmere systemet slik at det utfører matinga automatisk og kontrollert.

Automatisering av denne typen er vanleg i industriell produksjon, logistikk og prosessindustri. Når du bygger ein hundematar, får du derfor erfaring med reelle teknologiske løysingar. Du jobbar med både elektronikk, programmering, mekanisk arbeid og design, og du får innsikt i korleis ulike system og komponentar fungerer saman.

Hovudkomponentar og funksjonsmåte

Den automatiske hundemataren består av desse hovudkomponentane:

  • Arduino Uno R3 – ein som styrer heile systemet

  • NEMA17 med motor – ein presis motor som roterer ein mateskrue for å dosere tørrfôr

  • 3D-printa mateskrue og drivverk – ein skrue som flyttar fôr framover når han roterer

  • ramme og kapsling i platemetall – vernar dei elektriske og mekaniske komponentane og gir stabilitet

  • trykknapp, leidningar og indikatorlys – til manuell aktivering og statusindikasjon

Systemet kan aktiverast manuelt med trykknapp eller med tidsstyring. Når systemet får startsignalet, startar motoren, mateskruen roterer og doserer ønskt mengde mat. Kanskje du til og med kan utvikle eit system der ei RFID-brikke på halsbandet til hunden aktiverer mating?

Produksjonsprosessar

Ein automatisk hundematar er eit produkt som krev fleire ulike produksjonsprosessar. Her følger ei kort oversikt.

1. Elektrisk oppkopling og programmering

  • Kabling av Arduino, stepperdrivar og motor

  • Bruk av drivarmodul (t.d. TB6600 eller A4988)

  • Programmering i Arduino IDE: bruk av stepper-bibliotek og logikk for styring

2. 3D-modellering og -print

  • Design av skrue og matarkanal i CAD-program

  • Utskrift med eller

  • Justering for tilpassing til motor og røyrdimensjonar

  • Vurdering av utveksling på tannhjul (dvs. vurdering av storleiken på tannhjula som jobbar saman)

3. Platearbeid

  • Oppmåling og kapping av platemetall (aluminium eller stål)

  • Bøying i knekkemaskin

  • Punktsveising eller popnagling av kapsling

  • Utskjering av hol til komponentar

  • Overflatebehandling

4. Montering og testing

  • Montering av motor, skrue og kapsling

  • Justering av klaringar og matesystem

  • Testing av funksjon og feilsøking av kode og koplingar

5. Dokumentasjon og HMS

  • Risikovurdering (t.d. bruk av straum, skarpe plater og roterande delar)

  • Arbeidsplan for prosjektet

  • Produksjonsbeskriving og tekniske teikningar

  • Brukarmanual med illustrasjonar og koplingsskjema

Programmering av hundemataren

Når du har bygd denne hundemataren og er klar til å programmere, kan du følge programmeringsoppgåva som ligg som relatert innhald nedst på sida.

Filer

Det er utarbeidd filer for produksjon av denne hundemataren. Det kan hende du må tilpasse filene noko, alt etter kva komponentar du ønsker å nytte.

Filer for 3D-printing

Filer for platearbeid

Her får du vektorfiler for utskjering på ei CNC-styrt skjeremaskin. Teikningane er baserte på platetjukkleik 1,5 mm viss ikkje anna er oppgitt. Kvar enkelt del kan krevje litt etterarbeid og tilpassing.

Relatert innhald

Hundematar

Vil du bygge ein automatisert hundematar? Her får du tips og råd.

Skrive av Roger Rosmo.
Sist oppdatert 03.06.2025