Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Rakettomn

Fagstoff
Video

Heilsveising

Heilsveising gjer ein sveisestruktur solid og klar for bruk ved å sveise saman alle skøytar i éi kontinuerleg linje. Med rett spenning, trådmating og dekkgass sikrar vi ei sterk og stabil sveisefuge. Korleis kan du oppnå eit profesjonelt resultat og unngå vanlege feil?

Samandrag

  • Heilsveising sikrar styrke ved å sveise alle skøytar frå start til slutt.

  • Rett spenning og trådmating er avgjerande for ein god sveiseprosess.

  • Dekkgass vernar sveisebadet mot oksygen, og bruk av aktiv gass gir betre penetrasjon i tjukt stål.

  • Feil innstillingar, som for lite gass eller feil trådmating, kan føre til svak og ujamn sveis.

Kva er heilsveising?

Når omnen er hefta saman med punktsveisar, manglar han styrken. Heilsveising inneber at alle skøytane blir sveiste saman i éi kontinuerleg linje, noko som gjer konstruksjonen solid og klar for bruk.

For å oppnå ein god sveis må både spenning og trådmating vere justert etter kor tjukt materialet er.

Film om MAG-sveising (1:44)

Video: Torbjørn Nordvik Helgesen / CC BY-SA 4.0

Spenning og trådmating

Rett spenning er avgjerande:

  • Låg spenning fører til at sveisen legg seg oppå materialet utan å trenge gjennom.

  • Høg spenning kan føre til at materialet blir brent gjennom, spesielt ved tynnare gods.

På tjukke firkantrøyr som i dette prosjektet kan vi bruke høg spenning utan risiko for gjennombrent materiale. Når spenninga blir auka, smeltar sveisetråden raskare, og trådmatefarta må justerast tilsvarande for å sikre jamn tilførsel.

Tråden blir mata frå ein spole inne i MAG-maskina. Han fungerer som ein ekstruder på ein 3D-skrivar. Viss matefarta er for høg, vil tråden stange mot arbeidsstykket, mens for låg fart kan føre til ujamn smelting.

Sveisebad og dekkgass

Under sveising blir det danna eit sveisebad – ein liten dam av smelta metall rett under sveisepistolen. For å verne dette mot oksygen i lufta blir det brukt dekkgass som legg seg som eit skjold over sveisebadet. Aktiv gass, som blir brukt ved sveising av konstruksjonsstål, gir djupare penetrasjon og sterkare skøytar.

Viss dekkgassen ikkje er på, reagerer sveisebadet med oksygen, noko som gjer det ustabilt. Dette kan føre til at smelta metall spruter ut, sveisefuga blir svak, og sveisepistolen blir tett.

Arbeidstrinn

Klargjer MAG-maskina

  • Kontroller sveisetrådspolen og trådmataren.

  • Still inn rett spenning og matefart for materialet.

Sjekk dekkgassen

  • Sørg for at gassflaska er kopla til og at ventilen er open.

  • Kontroller at gassen flyt jamt ut av sveisepistolen.

Start heilsveising

  • Plasser sveisepistolen ved skøyten og begynn å sveise i ei jamn rørsle.

  • Hald konstant avstand til arbeidsstykket for ei stabil sveisefuge.

Feilsøking under sveising

  • Viss sveisepistolen blir tett, stopp og reins han før du held fram.

  • Juster spenning og trådmating viss sveisebadet er ustabilt eller sveisen er ujamn.

Fullfør sveisinga

  • Sveis alle skøytane frå start til slutt for maksimal styrke.

  • Kontroller sveisane for jamleik og gjennomtrenging.

Tips for vellykka heilsveising

Ved heilsveising sluttfører du samanstillinga av dei ulike delingane. For å få eit vellykka resultat kan du følge nokre enkle trinn:

  • Bruk aktiv gass for djup penetrasjon i konstruksjonsstål.

  • Hald ei jamn rørsle for å unngå opphoping av smelta metall.

  • Viss dekkgassen er tom eller slått av, stopp med ein gong og skift gassflaske før du held fram.

Skrive av Roger Rosmo og Torbjørn Nordvik Helgesen.
Sist oppdatert 13.12.2024