Handtvinge

Kva er ei handtvinge?
Ei handtvinge er eit verktøy til å klemme saman to komponentar med. Ho har kjeftar som blir klemde saman på same måte som ei tong, men i staden for å klemme på handtaka, skrur du på sjølv skaftet.
Når du strammar handtaket, vil den koniske delen fremst på handtaket klemme mot kjeftane og forandre posisjonen deira.
Lag di eiga tvinge
Hugs HMS. Sjå eigne ressursar om maskinene. Aktuelle maskiner til dette oppdraget kan vere:
søyleboremaskin: Sikker bruk av søyleboremaskiner
fres: Sikker bruk av fres
dreiebenk: Sikker bruk av CNC-maskiner
bandsag/kaldsag: Sikker bruk av bandsag
svingjern – gjengebakke og gjengetapp: Boring og innvendig gjenging
Arbeidsteikning og 3D-teikning
Arbeidsteikninga for dette læringsoppdraget ligg lagd ved som ei PDF-fil, og du kan skrive ho ut, viss du ønsker. Teikninga viser dei ulik trinna for produksjon.
I tillegg ligg det vedlagt ei 3D-fil av delen. Ho kan opnast i eit CAD-program, som Autodesk Fusion 360. Denne fila er i formatet F3D.
- Handtvinge(PDF)
Refleksjon
Denne tvinga kan lagast i mange ulik storleikar. Klarer du å teikne ei tvinge i ein annan storleik i CAD-programmet?
Korleis trur du val av gjengestigning vil påverke funksjonen til handtvinga?