Hammaravdragar

Kva er ein hammaravdragar?
Når du høyrer namnet hammaravdragar, tenker du kanskje at det er ein avdragar som du skal nytte saman med ein hammar?
Hammaravdragaren er bygd opp slik at det er ein glidande hammar som du kan bevege fram og tilbake på ein aksling. Når du beveger denne raskt mot det bakre handtaket, blir det eit slag, nesten som frå ein hammar. Derfor blir dette verktøyet kalla òg ein glidehammar.
Hammaravdragaren kan ha ulike verktøy påmontert, og i denne oppgåva skal vi lage hammaravdragaren saman med ein ekspanderande skåltersj.
Lag din eigen hammaravdragar
Når du skal lage ein slik hammaravdragar, er det viktig at du lagar ein god arbeidsplan, gjennomfører ei risikovurdering knytt til dei maskinene du skal bruke, og varetek HMS.
Det er òg viktig at du har dokumentert sikkerheitsopplæring for dei maskinene du skal nytte. Sjå eigne ressursar om maskinene.
Maskiner til dette oppdraget kan vere:
søyleboremaskin: Sikker bruk av søyleboremaskiner
fres: Sikker bruk av fres
dreiebenk: Sikker bruk av CNC-maskiner
bandsag/kaldsag: Sikker bruk av bandsag
svingjern – gjengebakke og gjengetapp: Boring og innvendig gjenging

Arbeidsteikning og 3D-teikning
Arbeidsteikninga for dette læringsoppdraget ligg lagd ved som ei PDF-fil, og du kan skrive ho ut, viss du ønsker. Teikninga viser dei ulik trinna for produksjon.
I tillegg ligg det vedlagt ei 3D-fil av delen. Ho kan opnast i eit CAD-program, som Autodesk Fusion 360. Denne fila er i formatet F3D.
- Hammaravdragar(PDF)
Refleksjon
I dette læringsoppdraget har vi laga eit døme på korleis ein slik hammaravdragar kan vere utforma. Har du andre forslag?
Val av verktøy
Ein slik hammaravdragar kan ha ulike bruksområde, alt etter kva slags verktøy du monterer på han. Kva for nokre andre verktøy trur du kan monterast på hammaravdragaren, og kva kan du nytte han til med andre verktøy?
Val av materiale
Krafta du får ved å bevege glidehammaren, er avhengig av den vekta som treffer slagflata på handtaket, saman med kor raskt ho treffer. Dette kallar vi rørsleenergi.
Kan du nytte andre materiale i glidehammaren som forandrar vekta utan å forandre storleiken? Korleis påverkar dette slagkrafta hos hammaravdragaren?
Relatert innhald
Lær korleis du kan lage ein plan for eit arbeidsoppdrag.