Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Oppgåvebank

Oppgåve

Hammar med kjørnar

Når du jobbar med metall, nyttar du ofte hammar og kjørnar. Kvifor ikkje kombinere desse? Kan du lage din eigen hammar og kjørnar, der du kan oppbevare kjørnaren i handtaket til hammaren?

Kvifor lage hammar og kjørnar?

Hammaren er eit slagverktøy vi kan bruke til alt frå å slå inn ein spikar til å forme metallplater og losne fastrusta komponentar. Når vi jobbar med metall, treng vi òg ein kjørnar for å kunne lage merke på metallet.

Val av materiale i hammarhovudet påverkar både vekta og eigenskapane til hammaren. Vel du eit mjukt og tungt materiale, som til dømes kopar, får hammaren andre eigenskapar enn viss du vel eit lett hammarhovud av aluminium eller eit materiale av varmebehandla stål.

Kor hardt og seigt hammarhovudet er, påverkar òg korleis det formar det materialet du skal slå på.

Kjørnaren skal tole harde slag, og det kan vere nødvendig med varmebehandling av delar av kjørnaren for at han skal tole dette.

Lag din eigen hammar og kjørnar

Når du skal lage ein slik hammar og kjørnar, er det viktig at du lagar ein god arbeidsplan, gjennomfører ei risikovurdering knytt til dei maskinene du skal bruke, og varetek HMS.

Det er òg viktig at du har dokumentert Sikkerheitsopplæring for dei maskinene du skal nytte. Sjå eigne ressursar om maskinene.

Aktuelle maskiner til dette oppdraget kan vere:

Utforming av hammaren og kjørnaren

Når du skal lage din eigen hammar og kjørnar, kan du sjølv påverke korleis utforminga skal vere, spesielt viss du ønsker å nytte hammaren til eit spesielt formål.

Skal du bruke hammaren som ein smedhammar, bør han kanskje vere tung og solid, og utforminga er ikkje så nøye. Vil du lage ein hammar du skal bruke til å forme metallplater, skal kanskje kantane vere meir avrunda, og materialet skal kanskje vere noko mjukare enn det materialet du skal slå på, slik at det ikkje oppstår sår og skadar i materialet.

Du kan òg velje materiale ut frå bruksområde og vurdere behov for varmebehandling for kjørnaren.

Overflatebehandling

Du kan sjølv velje kva type overflatebehandling du vil gi hammaren og kjørnaren. Kva med blånering eller pulverlakkering?

Arbeidsteikning og 3D-teikning

Arbeidsteikninga for dette læringsoppdraget ligg lagd ved som ei PDF-fil, og du kan skrive ho ut, viss du ønsker. Teikninga viser dei ulik trinna for produksjon.

I tillegg ligg det vedlagt ei 3D-fil av delen. Ho kan opnast i eit CAD-program, som Autodesk Fusion 360. Denne fila er i formata F3D og STEP.

Relatert innhald

Kjørnar

I denne læringsressursen skal du lage ein kjørnar. For å lage kjørnaren må du i hovudsak nytte ein dreiebenk. Vel du manuell eller CNC-styrt?

Hammar

Ein hammar er eit nyttig verktøy på verkstaden. Desse kan jo kjøpast i ein butikk, men hadde det ikkje vore spennande å designe og lage din eigen?

Skrive av Roger Rosmo.
Sist oppdatert 17.01.2025