Gjengesnitthaldar

Kva er ein gjengesnitthaldar?

Ein gjengesnitthaldar er eit verktøy for å feste eit gjengesnitt, òg kalla ei gjengebakke. Gjengesnittet er eit verktøy som skjer gjenge på ein aksling når han roterer rundt akslingen.
Dette kan krevje stor kraft, og det er viktig å ha ein god gjengesnitthaldar.
I denne læringsressursen har vi teke utgangspunkt i runde gjengesnitt.
Lag din eigen gjengesnitthaldar
Hugs HMS. Sjå eigne ressursar om maskinene. Aktuelle maskiner til dette oppdraget kan vere:
søyleboremaskin: Sikker bruk av søyleboremaskiner
fres: Sikker bruk av fres
dreiebenk: Sikker bruk av CNC-maskiner
bandsag/kaldsag: Sikker bruk av bandsag
svingjern – gjengebakke og gjengetapp: Boring og innvendig gjenging
3D-teikning
Det er lagt ved ei 3D-fil av delen. Ho kan opnast i eit CAD-program, som Autodesk Fusion 360. Denne fila er i formatet F3D.
Refleksjon
Gjengesnitt kan komme i ulik dimensjonar og vere anten runde eller firkanta. Klarer du å teikne og produsere ein slik gjengesnitthaldar i andre dimensjonar?
Kva kan skje viss handtaka er veldig lange? Korleis påverkar dette krafta som gjengesnittet blir utsett for ved gjenging?
Relatert innhald
Her finn du ni korte videoar som viser deg sikker bruk av maskiner på ein verkstad.
Her får du verktøy som kan hjelpe deg å planlegge eit arbeidsoppdrag.