Flaskeopnaren

Kva er ein flaskeopnar?
Ein flaskeopnar er, som namnet tilseier, eit verktøy for å opne ei flaske. Sjølve korken på flaska er standardisert, men treng verktøyet for å opne han vere standardisert?
I dette arbeidsoppdraget kan du velje å lage din eigen flaskeopnar ut frå teikninga som følger med, eller du kan modifisere CAD-teikningane til ditt eige design.
Du kan sjølvsagt òg utvikle ditt heilt eigne design frå grunnen av.
Lag din eigen flaskeopnar
Hugs HMS. Sjå eigne ressursar om maskinene. Aktuelle maskiner til dette oppdraget kan vere:
søyleboremaskin: Sikker bruk av søyleboremaskiner
fres: Sikker bruk av fres
dreiebenk: Sikker bruk av CNC-maskiner
bandsag/kaldsag: Sikker bruk av bandsag
svingjern – gjengebakke og gjengetapp: Boring og innvendig gjenging
Design
På bileta under ser du forslag til ulike design ein slik flaskeopnar kan ha. Klarer du å lage nokon av desse?
Arbeidsteikning og 3D-teikning
Arbeidsteikninga for dette læringsoppdraget ligg lagd ved som ei PDF-fil, og du kan skrive ho ut, viss du ønsker.
I tillegg ligg det vedlagt ei 3D-fil av delen. Ho kan opnast i eit CAD-program, som Autodesk Fusion 360. Denne fila er i formata F3D og STEP.
Teikninga kan nyttast på ulike arbeidsemne, anten det er flattstål, firkantstål, aksling eller røyr.
Klarer du å tolke teikninga slik at ho kan brukast på arbeidsemnet ditt?