Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Beltespenna

Fagstoff
Video

Filmsamling: Anodisering

Denne serien med ti filmar på 2–4 minutt viser deg korleis du kan lage eit buksebelte og formgi det slik du sjølv vil.

Film 1: Introduksjon

Anodisering er ein type overflatebehandling som blir nytta på aluminium. I den første videoen (lengde 2:03) får du ein kort presentasjon av arbeidsoppdraget, og du får vite litt meir om anodisering.

Video: Torbjørn Nordvik Helgesen / CC BY-SA 4.0

Film 2: Produksjon av beltespenna

I denne filmen (lengde 2:44) viser vi korleis du lagar ei beltespenne du seinare kan anodisere.

Video: Torbjørn Nordvik Helgesen / CC BY-SA 4.0

Film 3: Alt du treng til anodiseringsprosessen

Anodiseringsprosessen krev base- og syrebad, og du må tilføre straum. Dette høyrest kanskje skummelt ut, men i denne filmen (lengde 2:34) viser vi deg kva kjemikal du skal nytte, og kva reiskapar du treng.

Video: Torbjørn Nordvik Helgesen / CC BY-SA 4.0

Film 4: Oppsett av kjemikalbad

Kjemikala du skal nytte ved anodisering, bør setjast opp i ei rekkefølge som stemmer med sjølve prosessen. I denne filmen (lengde 3:03) viser vi deg korleis du gjer dette.

Video: Torbjørn Nordvik Helgesen / CC BY-SA 4.0

Film 5: Anodisering av beltespenna

Sjølve anodiseringsprosessen er enkel, men han tek litt tid. I denne filmen (lengde 4:10) ser du korleis prosessen kan gjennomførast.

Video: Torbjørn Helgesen Nordvik / CC BY-SA 4.0

Film 6: Anodisering av fleire delar

Du kan anodisere fleire delar samtidig. Då må du mellom anna vurdere den totale materialoverflata for å vite kor lang tid prosessen vil ta. I denne (lengde 3:51) filmen viser vi korleis du går fram.

Video: Torbjørn Nordvik Helgesen / CC BY-SA 4.0

Film 7: Montering av beltespenna

Når beltespenna er anodisert og overflatebehandla, kan du prøvemontere ho. Filmen (lengde 2:45) viser deg korleis du gjer dette.

Video: Torbjørn Nordvik Helgesen / CC BY-SA 4.0

Film 8: Produksjon av beltereim

Til buksebeltet ditt treng du òg ei beltereim. Er det mogleg å gjenbruke noko materiale når du skal lage reim? I filmen (lengde 4:41) viser vi deg eit døme.

Video: Torbørn Nordvik Helgesen / CC BY-SA 4.0

Film 9: Montering av belte

No har du laga både beltespenne og beltereim og skal montere dei saman til eit komplett belte. Filmen (lengde 2:26) viser deg korleis dette blir gjort.

Video: Torbjørn Nordvik Helgesen / CC BY-SA 4.0

Film 10: Alternative monteringsmåtar

Enkelte materiale er lite eigna for sveising eller skruing. Då må du nytte andre samanføyingsmetodar. I filmen (lengde 4:23) gir vi deg nokre døme.

Video: Torbjørn Nordvik Helgesen / CC BY-SA 4.0
Skrive av Roger Rosmo.
Sist oppdatert 14.11.2024