Dreieøvingar

Kvifor øve på dreiing?
Å betene ein dreiebenk på ein trygg og god måte krev mykje øving.
Med dreiebenken kan du lage mange ulike produkt, og i denne oppgåva skal du trene på det mest grunnleggande: langsgåande dreiing og tverrdreiing. Dette blir òg kalla aksiell og radiell dreiing.
Toleransar og overflatefinish
Desse øvingane er lagde opp slik at det i første øving ikkje er så nøye med toleransar og overflate, øving to stiller litt større krav, og øving tre stiller store krav til dimensjonar, toleransar og overlatefinish.

Berekraft
Utvinning av metall er ein ressurskrevjande prosess. Derfor er det viktig å kunne utnytte desse ressursane på ein berekraftig måte.
Viss vi berre trenar på sponfråskiljande omarbeiding utan at resultatet blir noko vi kan bruke, er det lite berekraftig.
Ved å ta eit arbeidsemne og omarbeide dette i fleire trinn, kan vi til slutt komme ned til eit produkt som kan brukast til noko, og ikkje berre bli lagt i brombehaldaren.
Arbeidsteikning
- Dreieøvingar(PDF)
Relatert innhald
Her skal vi sjå på ulike typar passingar og toleransar.
Sjå ein introduksjonsfilm som viser sikker oppstart og bruk av ein dreiebenk.