Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Oppgåvebank

Oppgåve

Avdragar – tre bein

For å demontere eit lager må du vanlegvis bruke ein avdragar. Ein avdragar er det same som ein tersj. Tersjar kjem i mange utformingar, og i dette læringsoppdraget skal du lage ein tradisjonell tre-arma tersj med gripeklør. Klarer du dette?

Kva er ein tre-arma avdragar?

Ein tre-arma avdragar (tersj) er, som namnet tilseier, eit verktøy for å dra noko av, og han har tre armar eller bein. I industrien blir både bein og armar nytta som fagomgrep. Fremst på desse beina er det gripeklør for å få eit godt tak på baksida av det lageret vi skal trekke av.

I motsetning til ein to-arma avdragar der breidda må justerast, vil ein tre-arma avdragar sentrere seg. Slike avdragarar kan likevel ha justering som angir kva arbeidsområde og diameter han skal nyttast til.

I senter av verktøyet er det ein lang skrue med ein spiss i enden. Nokre skruar har ei kule i staden for ein spiss. Når du skrur denne skruen innover, blir beina trekte utover og dreg med seg lageret.

Med tre armar i staden for to blir òg avdragaren mykje meir stabil ved at han stabilisere og sentrerer seg sjølv. I tillegg er det enklare å trekke av lageret utan fare for at krafta påverkar lageret skeivt.

Kva gjengestigning skruen har, avgjer kor stor kraft eller rørsle du får for kvar runde du roterer skruen.

OBS!

Du må aldri nytte roterande verktøy når du skal demontere lager ved hjelp av ein slik avdragar. Bruk manuelle verktøy som eller .

Det er viktig å smørje gjengane til avdragaren slik at desse har minst mogleg friksjon og dermed skaper minst mogleg varme under bruk.

Lag din eigen tre-arma avdragar

Når du skal lage ein slik tre-arma avdragar, er det viktig at du lagar ein god arbeidsplan, gjennomfører ei risikovurdering knytt til dei maskinene du skal bruke, og varetek HMS.

Det er òg viktig at du har dokumentert sikkerheitsopplæring knytt til dei maskinene du skal nytte. Sjå eigne ressursar om maskinene.

Aktuelle maskiner til dette oppdraget kan vere:

Arbeidsteikning og 3D-teikning

Arbeidsteikninga for dette læringsoppdraget ligg lagd ved som ei PDF-fil, og du kan skrive ho ut, viss du ønsker. Teikninga viser dei ulik trinna for produksjon.

I tillegg ligg det vedlagt ei 3D-fil av delen. Ho kan opnast i eit CAD-program, som Autodesk Fusion 360. Denne fila er i formatet F3D.

Refleksjon

  • Korleis gjekk læringsoppdraget? Vart resultatet som forventa?

  • Var alle måla innanfor toleransegrensa då du gjennomførte sluttkontroll etter at den tre-arma avdragaren var ferdig?

  • Her ser du eit døme på korleis eit skjema for mål og toleransar ved sluttkontroll kan sjå ut:

  • Mål og toleransar, sluttkontroll

    Basismål

    i mm

    Toleranse

    Minste mål,

    i mm

    Største mål, i mm

    Faktisk mål, i mm

    OK / Ikkje OK

    24ISO 2768-1M23,824,224,15OK
    36ISO 2768-1M35,736,336,45Ikkje OK
    5ISO 2768-1M4,95,14,97OK
  • Viss måla under kontrollmåling ikkje stemmer med teikninga, kva har skjedd? Viss du klarer å finne ut kva som var årsaka til at dette skjedde, er det ei stor moglegheit for at du ikkje gjer same feilen neste gong.

  • Trur du det her vil vere aktuelt å ha eit hardt, herda materiale eller eit seigt, anløpt materiale? Kva kan skje viss du vel eit materiale som ikkje er eigna eller har fått feil varmebehandling?

Relatert innhald

Skrive av Roger Rosmo.
Sist oppdatert 02.01.2024