Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Beltespenna

Fagstoff
Video

Anodisering

Sjølve anodiseringsprosessen er enkel, men han tek litt tid. Her viser vi korleis prosessen kan gjennomførast.

Film om anodisering (4:10)

Video: Torbjørn Helgesen Nordvik / CC BY-SA 4.0

Framgangsmåte

  1. Ta på nødvendig verneutstyr før du startar.

  2. Reins delane med avfeittingsmiddel og skyl dei godt i reint vatn.

  3. Ets delane i kaustisk soda for å få fjerna det eksisterande oksidlaget.

  4. Skyl delane godt i reint vatn.

  5. Heng delane i anodiseringsbadet fylt med svovelsyre, kople til straumforsyninga (20 V, 3 A), og start stoppeklokka. Aluminiumsdelen fungerer som anode, og du kan bruke anten aluminium, titan eller bly som elektrode, sjølv om titan er føretrekt på grunn av haldbarheit.

  6. Overvak anodiseringa. Når oksidlaget bygger seg opp, vil delen bli mattare, og spenninga vil auke mens straumgjennomgangen blir lågare. Sannsynleg tidsforbruk: cirka ein time.

  7. Skyl delane godt i reint vatn.

  8. Valfritt: Legg delane i eit fargebad. Fargen blir djupare jo lenger delane ligg i fargebadet.

  9. Forsegle oksidlaget ved å legge delane i kokande vatn. Når oksidlaget blir forsegla på denne måten, gir det delane ei slitesterk, ripebestandig overflate.

Kvifor anodisere?

Anodisering er ein enkel prosess, sjølv om du vil ha ulike fargar på kvar del. Ved anodisering kan du produsere delar i spennande fargar. Korleis du kombinerer fargane, er opp til deg sjølv. Etter kvart kan anodisering bli ein naturleg del av maskineringsprosessen for å gi delane eit personleg preg.

Opphenga som blir brukte under anodisering, vil òg bli anodiserte, men oksidbelegget kan fjernast i kaustisk soda for gjenbruk.

Hugs at anodiserte overflater kan bli skadde av sterke basar, som oppvaskpulver. Det er derfor viktig at du tenker på kva slags miljø produktet du skal overflatebehandle, skal brukast i. Eit anodisert produkt fungerer bra ute i naturen der det står imot skit og regn, men toler altså ikkje å komme i kontakt med sterke basar.

Spørsmål

  1. Kva påverkar nyansen til fargen? Kva kan du gjere for å få ein djupare farge?

  2. Kva er svakheita ved anodisering?

Skrive av Roger Rosmo og Torbjørn Nordvik Helgesen.
Sist oppdatert 04.10.2024