Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Video

Una introducción al juego

Aquí tienes una breve introducción al escape room El Camino de San Olav. Ve el siguiente vídeo y sigue las instrucciones del profesor. Así estarás preparado para empezar el juego.

Til læraren

  • Det tek cirka 45–60 minutt å gjennomføre sjølve kodekammeret.

  • Elevane kan jobbe i par eller i grupper på tre, og dei bør notere på papir undervegs. Skriv gjerne ut støttearket som ligg over kodekammeret.

  • Be gjerne elevane om å legge frå seg mobiltelefonane. Kodekammeret skal gjennomførast utan hjelpemiddel.

  • Det er ein fordel om elevane har jobba litt med prinsesse Kristina før dei speler. NDLA har både tekstar, oppgåvesider og ein teikneserie om ho i emnet La princesa Cristina de Tunsberg, og det finst òg eit emne om pilegrimsreiser.

  • Vis gjerne introduksjonsfilmen på storskjerm, og snakk med elevane om innhaldet etterpå.

  • Kodekammeret startar utanfor katedralen i Burgos. Opningsscena er eit bilete med nummererte klikkpunkt (1–6) som skjuler ulike oppgåver og aktivitetar:

    • ei kort gloseliste og informasjon om staden ein har komme til

    • ei mini-gloseprøve som ein må bestå for å komme vidare

    • lese- og lytteoppgåver som krev eit løysingsord for å låse opp neste trinn

  • Elevane skal innom seks ulike "rom". Kvart rom er ein ny stoppestad langs pilegrimsvegen som elevane må utforske for å finne klikkpunkta.

  • Du kan gi hint eller hjelpe til med løysingsord viss nokon står fast. Vil du få tilsendt ei lærarrettleiing som inkluderer løysingsorda? Send førespurnad til hjelp@ndla.no.

  • Her er eit diplom som elevane kan få når dei har fullført pilegrimsreisa:

Diplom til nedlasting

Un vídeo introductorio

Sjå filmen under (lengde 3:47) før du startar på kodekammeret. Kva får du vite om Kristina og pilegrimsvegen el Camino de San Olav?

Video: Jarle Sten Olsen / CC BY-ND 4.0
Skrive av Stina Grolid, Anna Maria Holvik og Rebecca Elisabeth Mohr Tovslid.
Sist oppdatert 12.03.2025