Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Presens perfektum

Oppgåve
Interaktivt innhald

Presens perfektum

Lær korleis du bøyer verb i presens perfektum, og øv på å fortelje om noko som har skjedd.

Kva er presens perfektum?

Når vi fortel om noko som har skjedd, eller noko vi har gjort, bruker vi presens perfektum.

  • Carlos ha hablado con María. (Carlos har snakka med María.)

  • He comido pan. (Eg har ete brød.)

Både i norsk og i spansk består denne verbtida av eit hjelpeverb i presens (haber å ha) og eit hovudverb i perfektum partisipp (hablado/comido – snakka/ete).

Øving 1: Finn perfektumformer

Kjenner du igjen perfektum partisipp og presens perfektum på norsk? Test deg sjølv!

Bruk av forma

Vi bruker presens perfektum når ei handling ikkje ligg langt tilbake i tid og dessutan påverkar det som skjer no:

  • ¿Ya habéis hecho los deberes? Entonces podéis jugar al fútbol ahora. Har de allereie gjort leksene? Då kan de spele fotball no.

  • Estoy muy cansado porque he dormido mal. Eg er veldig trøytt fordi eg har sove dårleg.

Forskjellar mellom Spania og Latin-Amerika

Presens perfektum er mykje brukt i Spania. I Latin-Amerika, derimot, vel ein nesten alltid preteritum i staden for presens perfektum.

  • Spania: Hoy he desayunado con mi familia. (I dag har eg eten frukost med familien min.)

  • Latin-Amerika: Hoy desayuné con mi familia. (I dag åt eg frukost med familien min.)

Hjelpeverbet haber

Det er hjelpeverbet haber vi må bøye i person, mens partisippet er likt for alle personar. Dette kjenner du òg frå engelsk:

  • I have talked. He has talked.

  • You have eaten. She has eaten.

I tabellen ser du korleis vi bøyer det spanske hjelpeverbet haber.

Bøying av hjelpeverbet haber

haber

yo

he (eg har)

has (du har)

él, ella, usted

ha (han, ho, De har)

nosotros/as

hemos (vi har)

vosotros/as

habéis (de har)

ellos/as, ustedes

han (dei har)

¡OJO!

Haber er eit hjelpeverb vi bruker for å danne presens perfektum.

  • Hemos comprado un coche. Vi har kjøpt ein bil.

Vi kan ikkje bruke haber for å uttrykke eit eigeforhold. Her må vi bruke verbet tener.

  • Tenemos un coche. Vi har (eig) ein bil.

Øving 2: Bøying av haber

Øv på å bøye hjelpeverbet haber.

Perfektum partisipp av regelrette verb

For å lage perfektum partisipp tek vi bort endinga på verbet (-ar, -er eller -ir) og erstattar ho med -ado for -ar-verb og -ido for -er- og -ir-verb.

  • -ar-verb: hablar – hablado (å snakke – snakka)

  • -er-verb: comer – comido (å ete – ete)

  • -ir-verb: vivir – vivido (å leve/bu – levd/budd)

Så bøyer vi hjelpeverbet etter kven som har gjort noko, og set saman bøygd hjelpeverb og perfektum partisipp til presens perfektum:

  • he hablado (eg har snakka)

  • has comido (du har ete)

  • hemos vivido (vi har levd/budd)

¡OJO!

Hjelpeverb og partisipp må stå saman i spanske setningar. Sånn er det ikkje alltid i norsk.

  • No he hablado con Carlos. (Eg har ikkje snakka med Carlos.)

  • ¡Por fin Carmen ha leído tu mensaje! (Endeleg har Carmen lest meldinga di.)

  • Nunca hemos estado ein Madrid. (Vi har aldri vore i Madrid.)

Øving 3: Regelrette verb

Klarer du å bøye regelrette verb i presens perfektum?

Øving 4: Frå presens til presens perfektum

Jobb saman to og to.

  • Les setninga på kortet høgt og set ho om til norsk. Vel info-knappen for å sjekke om omsetjinga er rett.

  • Gjer om setninga frå presens til presens perfektum.

  • Snu kortet og samanlikn med fasiten. Hald fram med neste kort.

Perfektum partisipp av uregelrette verb

Dei fleste verba har regelrett perfektum partisipp, men det finst òg nokre med uregelrett bøying.

I tabellen ser du ti mykje brukte verb som har uregelrett partisipp.

ti Verb med uregelrett partisipp

Infinitiv

Perfektum partisipp

abrir (å opne)abierto (opna)
descubrir (å oppdage)descubierto (oppdaga)
decir (å seie)dicho (sagt)
escribir (å skrive)escrito (skrive)
hacer (å gjere)hecho (gjort)
morir (å døy)muerto (døydd)
poner (å plassere/setje/legge)puesto (plassert/sett/lagt)
romper (å øydelegge)roto (øydelagt)
ver (å sjå)visto (sett)
volver (å komme/vende tilbake)vuelto (komme/vendt tilbake)

Øving 5: Pugg uregelrette verb!

Jobb saman to og to. Lær dykk dei ti verba med uregelrett partisipp frå lista ovanfor.

Tips til framgangsmåte

  1. Begynn med å lære kva verba betyr: Gå gjennom verba i kolonnen infinitiv. Les både det spanske verbet og den norske omsetjinga høgt.

  2. Gjennomfør munnlege gloseprøver: Elev A sit med pc-en og les opp eit og eit av dei spanske verba (gjerne i tilfeldig rekkefølge). Elev B set om til norsk. Byt roller.

  3. Lær no partisippa: Gå gjennom heile lista og les kvar infinitiv og tilhøyrande partisipp høgt.

  4. Test kvarandre: Elev A sit med pc-en og seier eit spansk verb i grunnforma (infinitiv), elev B seier det tilhøyrande partisippet. Byt roller.

Øving 6: Bruk uregelrette partisipp

Kan du dei uregelrette partisipp-formene no?

Øving 7: Set om

Set om setningar frå norsk til spansk.

  • Les den norske setninga på kortet høgt.

  • Set om setninga til spansk. Bruk tipsa viss du treng litt glosehjelp.

  • Snu kortet og samanlikn med fasiten før du held fram med neste kort.

NB! Alle verba har uregelrett partisipp på spansk!

Øving 8: ¿Alguna vez has...?

Reis dykk, gå rundt i klassen og still kvarandre spørsmål som begynner med ¿Alguna vez has...? (Har du nokon gong ...?)

Spør og svar slik:

  • ¿Alguna vez has visitado Madrid? Har du nokon gong besøkt Madrid?

    • No, nunca he visitado Madrid. Nei, eg har aldri besøkt Madrid.

    • Sí, he visitado Madrid (una vez / varias veces). Ja, eg har besøkt Madrid (ein gong / fleire gonger).

Spelereglar

De får berre snakke med éin person om gongen, og det er berre lov til å stille kvarandre eit spørsmål før de må spørje nokre andre. Noter namnet på dei som svarer "ja", i skjemaet. Vinnaren er den som har samla flest namn når tida er ute.

De kan skrive ut og bruke skjemaet nedanfor.

Skrive av Rebecca Elisabeth Mohr Tovslid.
Sist oppdatert 02.04.2025