Introducción: Mi escuela - Spansk 2 - NDLA

Hopp til innhald
Øvelse

Introducción: Mi escuela

¿Sabes cómo hablar en español sobre tu escuela y tu vida como alumno? Ahora puedes repasarlo y practicar un poco.

1. Vocabulario escolar

2. Hablar en grupos

Sit saman i grupper på fire rundt eit bord og øv på å snakke om fire ulike tema knytte til skulekvardagen dykkar. Temaa er:

  • Mi escuela

  • Mis asignaturas

  • Mi aula

  • Mi día escolar

Framgangsmåte

  1. Skriv ut vedlagde PDF eller teikn opp sjølv. Legg arket midt på bordet. Det er best om de bruker eit stort ark (A3-format).

  2. Kvar av dykk får eit hjørne (= eit tema) og rundt fem minutt til å førebu noko å seie. Lag òg tre spørsmål, eit til kvart av dei andre temaa på arket. Bruk arket for å skrive ned nøkkelord og spørsmål.

  3. Fortel om temaa dykkar etter tur, og still kvarandre spørsmåla de har førebudd.

  4. Når alle har snakka om temaet sitt, roterer de arket 90 gradar og tek over hjørnet til sidemannen. Bygg gjerne vidare på det personen før har notert og fortalt om.

Hald fram på same måte til alle har snakka om kvart av temaa.

3. ¿Cuál es la descripción correcta?

Sjå på bileta og les tekstane under veldig nøye. Kva tekst er den rette for å beskrive biletet? Jobb gjerne saman to og to. Bruk ordbok for å slå opp ord de ikkje kjenner.

Skrive av Helena Eracleous Hallgren og Hilde Sonesen.
Sist fagleg oppdatert 23.08.2023