Ejercicios: Viajes sostenibles
1. Vocabulario
Kva betyr orda? Dei er ikkje vanskelege å gjette. Jobb gjerne i par.
Les dei spanske orda høgt, og set dei om til norsk.
Gå bakover frå det siste kortet og set om dei norske orda tilbake til spansk! Kor mange ord klarer de?
2. Verbos importantes
Set rett verb. Av og til må verbet bøyast, av og til må det stå i infinitiv.
3. Traduce las frases
Jobb saman to og to.
Elev A les den spanske setninga høgt, og elev B set om til norsk. A snur kortet og les fasiten høgt. Byt roller halvveges (etter fem kort).
Klar for ei utfordring? Gå bakover frå det siste kortet og set om dei norske setningane tilbake til spansk! Snu korta og les fasiten høgt.
4. Sinónimos
Finn synonym. Tips: Les ord og uttrykk høgt, og set dei om!
5. Criterios importantes para viajar de manera sostenible
Jobb i par. Set om kriteria.
Sorter kriteria etter kor viktige de synest dei er. Diskuter og bli einige. Sjølvsagt på spansk! Bruk snakkehjelpa i boksen nedanfor.
Skriv ein tekst saman. Fortel kva fem kriterium som er viktigast for dykk. Forklar kort kvifor de synest desse kriteria er viktige.
Ekstra: Diskuter i grupper eller samanfatt i klassen: Kva fem kriterium må vere oppfylte for at ei reise skal vere berekraftig?
6. ¿Cómo será el futuro?
Korleis trur du framtida kjem til å bli? Bruk verbtida futuro simple og skriv tre til fem setningar. Du kan velje verb frå lista eller bruke eigne. Samanlikn setningane med setningane til ein medelev eller del dei med klassen.
Døme: En el futuro usaremos más el transporte público. (I framtida kjem vi til å bruke meir offentleg transport.)
comer (å ete)
comprar (å kjøpe)
estar (å vere)
hacer (å gjere NB! uregelrett verb)
ir (å gå, å dra)
poder (å kunne NB! uregelrett verb)
producir (å produsere)
tener (å ha NB! uregelrett verb)
ser (å vere)
usar (å bruke)
ver (å sjå)
viajar (å reise)
7. Viajar de manera sostenible
Høyr på kva Sergio, Daniel og Alberto fortel om det å reise på ein berekraftig måte.
A. ¿Qué dicen los chicos?
Hugsar du kva gutane fortalde i videoen? Test deg sjølv!
B. ¿Qué dirías tú?
Kva ville du ha svart på spørsmåla som vart stilte i videoen? Bruk nokre minutt på å skrive ned stikkord eller setningar på spansk.
Jobb så saman med ein medelev og still kvarandre spørsmåla. Til slutt kan de gå rundt i klasserommet og snakke saman to og to.
¿Qué significa para ti viajar de manera sostenible?
¿Por qué es importante viajar de manera sostenible?
¿Qué tipo de viajes sostenibles prefieres? ¿Y por qué?