Ejercicios: Un día en mi vida
1. ¿Qué es lo correcto?
Kva er riktig? Kryss av.
2. Preguntas sobre el texto
Jobb saman to og to. Byt på å lese spørsmåla høgt og å svare på dei. Snakk spansk heile tida, og hugs å bruke fullstendige setningar. Samanlikn med løysingsforslaget under når de har svart på alle spørsmåla.
¿Qué hace Marco por la mañana?
¿Qué pasa cuando hay mucha nieve?
¿Qué hace en el recreo?
¿Quién está en casa por la tarde cuando Marco llega del instituto?
¿A qué hora se acuesta por la noche?
¿Por qué trabaja con las tareas escolares también los fines de semana?
3. Actividades diarias
Jobb saman to og to. Bruk berre éin pc. Øv på å bruke verb som fortel om daglege rutinar og aktivitetar.
Elev A les høgt det som står på norsk under biletet. Elev B set om frå norsk til spansk. Trykk på info-knappen for å få litt hjelp.
Elev A snur kortet og les fasiten høgt. Er det det same som elev B nettopp sa?
Hald fram med neste kort. Når de har komme til kort 6, byter de rollar.
Viss de har tid: Start framanfrå. No er det elev B som startar å lese på norsk, og elev A som set om.
4. ¿A qué hora...?
Hald fram med å jobbe saman to og to med glosene frå oppgåve 3. No skal de spørje kvarandre når (kva klokkeslett) de gjer aktivitetane som står på korta. Husk å tilpasse bøyinga av verbet der det trengst!
Elev A stiller første spørsmål, altså ¿A qué hora te despiertas? Elev B svarer til dømes Me despierto a las seis y media.
Elev A held fram med å stille spørsmål, og elev B held fram med å svare.
Når de er ferdige med alle korta, startar de på nytt. No er det elev B som stiller spørsmål, og elev A som svarer.
5. Las rutinas y los verbos reflexivos
Mange av verba som vi bruker for å snakke om daglege rutinar, er refleksive på spansk. Kan du finne riktig omsetjing for verba i oppgåva under?
6. Conjugar los verbos reflexivos
Viss du ikkje hugsar korleis vi bøyer refleksive verb på spansk, kan du ta ein kikk på bøyingsskjemaet før du byrjar på oppgåvene.
7. Expresiones de tiempo
Når du skal fortelje om daglege rutinar, treng du tidsuttrykk. Tidsuttrykk fortel når eller kor ofte ting skjer. Her repeterer du nokre av dei mest vanlege uttrykka. Gjer gjerne oppgåvene fleire gonger, og prøv å få alt riktig.
8. ¿Cuál es el orden correcto?
Setningane står i feil rekkefølge. Kan du sortere dei slik at dei blir til ein samanhengande tekst som fortel om ein vanleg dag?
Set om teksten til norsk når du er ferdig med å sortere setningane. Samanlikn med fasiten under.