Ejercicios: La historia de una refugiada
1. ¿Verdadero o falso?
Kva hugsar du frå teksten "Historia de una refugiada"? Vurder om påstandane er sanne eller usanne.
2. Completa el texto
Kva ord manglar?
3. El condicional simple
Den spanske verbforma condicional simple blir brukt for å uttrykke noko hypotetisk, noko ein tenker seg kunne skje. På norsk uttrykker vi dette ved hjelp av ulike verbformer.
Me gustaría estudiar en Estados Unidos. Eg skulle gjerne studert i USA.
Sería mejor encontrar un nuevo trabajo. Det ville vore betre å finne ein ny jobb.
¿Qué contestarías tú a estas preguntas? Kva ville du svart på desse spørsmåla?
På spansk kan vi òg bruke condicional simple for å be om noko på ein høfleg måte.
¿Podría repetir la pregunta? Kunne du vere så snill å gjenta spørsmålet?
Sjå på reglane for bøying av verb i condicional simple før du jobbar med oppgåvene.
A. Practica el condicional
Øv på å bøye verb i condicional simple.
B. Si yo fuera...
Kva ville du gjort viss du var ein annan person? Bruk condicional simple for å fullføre setningane. De kan òg tenke på andre setningar.
Døme: Si yo fuera millonario/a, me compraría una casa en Marbella. Viss eg var millionær, ville eg kjøpt meg eit hus i Marbella.
Completa las frases
Si yo fuera primer/a ministro/a de X,... Viss eg var statsminister i X, ...
Si yo fuera un/una cantante muy conocido/a,... Viss eg var ein veldig populær songar, ...
Si yo fuera el/la deportista más famoso/a de Noruega,... Viss eg var den mest berømte idrettsutøvaren i Noreg, ...
Si yo fuera un superhéroe / una superheroína,... Viss eg var ein superhelt, ...
4. Yo en tu lugar...
Øv på å bruke condicional simple for å gi råd til nokon. Jobb saman i par.
Les den spanske setninga på kortet høgt, og set ho om til norsk. Snu kortet for å sjekke omsetjinga.
Formuler eit råd og skriv det ned. Start setninga med Yo en tu lugar eller Yo que tú (Viss eg var deg), og hald så fram ved å bruke condicional simple. Døme:
He suspendido Matemáticas. Eg har stroke i matte.
Yo en tu lugar / Yo que tú hablaría con el profe. Viss eg var deg, ville eg snakka med læraren.
Hald fram med det neste kortet.
5. Dos refugiados en España
Viktoria og Gagny bur på eit flyktningmottak i Spania. Sjå på filmen under (lengde 3:41, gjerne felles i klassen. Les gjennom transkripsjonen, og svar på spørsmåla før de jobbar med oppgåvene under.
¿De dónde son Gagny y Viktoria?
¿Por qué han venido a España?
¿Con quién han venido?
¿Qué es lo más difícil para ellos en España?
¿Cuál es su mayor deseo?
A. ¿Quién dice qué?
Kva setningar passar til Viktoria, og kva til Gagny?
B. Corrige las frases
Viktoria og Gagny måtte lære seg spansk då dei kom til Spania, og dei gjer framleis nokre feil når dei snakkar. Jobb saman to og to, og rett opp nokre av feila.
Les setninga på kortet høgt. Ser de kva som er feil? Klikk på info-knappen viss de ikkje finn feilen.
Rett opp setninga, og snu kortet for å samanlikne med fasiten.
Hald fram med det neste kortet.
6. Investigación
Jobb i små grupper eller i par. Finn informasjon på nettet og svar på spørsmåla nedanfor. Gode kjelder er nettsidene til UNHCR, FN-sambandet, Statistisk sentralbyrå og Regjeringa.
Bruk eit presentasjonsverktøy og presenter funna for ei anna gruppe eller for klassen. Inkluder gjerne infografikkar, bilete, grafar eller tabellar. Skrive- og snakkehjelpa i boksen "Vocabulario para hablar y escribir" hjelper dykk.
¿Qué significa la palabra refugiado? Kva betyr ordet "flyktning"?
¿Cuándo se celebra el Día Internacional del Refugiado? Når blir Verdas flyktningdag markert?
¿Cuántas personas refugiadas hay en el mundo aproximadamente? Omtrent kor mange menneske er på flukt i verda?
¿Qué países recogen a la mayoría de los refugiados? Kva land tek imot flest flyktningar?
¿De qué países son la mayoría de los refugiados? Kva land kjem dei fleste flyktningane frå?
¿Qué países tienen la mayor cantidad de desplazados internos? Kva land har flest internt fordrivne menneske?
¿Cuántos refugiados hay en Noruega y de qué países proceden? Kor mange flyktningar er det i Noreg, og kvar kjem dei frå?