Hugsar du kva modale hjelpeverb er? Dei finst både på norsk og på spansk, og måten dei blir brukte på, er òg ganske lik. Ta ein kikk på reglane og bøyingsskjemaet for desse verba, og prøv deg på øvingane under.
Conjugar y utilizar los verbos modales
Kan du bøye og bruke modale hjelpeverb riktig no? Test deg sjølv!
Sjå ein gong til på teksten om det spanske skulesystemet, El sistema educativo en España. Gå gjennom avsnitta "Las modalidades de Bachillerato" og "El acceso a la educación universitaria" og prøv å finne alle setningar med modale hjelpeverb. Skriv dei ned på eit ark eller digitalt, og omset til norsk. Marker dei modale hjelpeverba både i dei norske og i dei spanske setningane. Når du er ferdig, kan du samanlikne med fasiten.
Fasit
Fasit modale hjelpeverb i teksten
Las modalidades de Bachillerato
Los alumnos que más tarde quieren hacer una carrera universitaria suelen estudiar el Bachillerato. Elevane som seinare vil ta ein universitetsgrad, pleier å gå på studieførebuande utdanningsprogram.
General: Esta es la modalidad más abierta si no sabes qué quieres estudiar después. Allmenn: Dette er det mest opne utdanningsprogrammet om du ikkje veit kva du vil studere etterpå.
Arte: Esta puede ser una buena opción si te interesa la música, la danza o el arte. Kunst: Dette kan vere eit godt val om du er interessert i musikk, dans eller kunst.
Ciencias y Tecnología: Si tienes planes de estudiar Ingeniería, Medicina o Matemáticas, por ejemplo, esta puede ser una buena alternativa. Forsking og teknologi: Viss du har planar om å studere ingeniørvitskap, medisin eller matematikk, til dømes, kan dette vere eit godt alternativ.
Humanidades y Ciencias Sociales: Si te gusta la literatura, la filosofía, la política o el turismo, por ejemplo, puedes elegir esta modalidad. Humaniora og sosialvitskap: Viss du liker litteratur, filosofi, politikk eller turisme, til dømes, kan du velje dette utdanningsprogrammet.
El acceso a la educación universitaria
Por lo general, para acceder a una universidad los alumnos españoles tienen que hacer una prueba de acceso, también conocida como EBAU o EvAU. Vanlegvis må spanske elevar avlegge ei opptaksprøve, òg kjend som EBAU eller EvAU, for å komme inn på universitet.
Tienen que hacer cuatro exámenes obligatorios (tres comunes a todas las modalidades de Bachillerato y uno dependiendo de su modalidad), y pueden hacer hasta cuatro exámenes más, optativos, para subir nota. Dei må avlegge fire obligatoriske eksamenar (tre like for alle studieførebuande utdanningsprogram og ein avhengig av utdanningsprogrammet dei går på), og dei kan avlegge opptil fire valfrie eksamenar i tillegg for å få betre karakter.
Hugsar du illustrasjonen som viser det spanske skulesystemet? Sjå på han ein gong til. Du kan forstørre biletet ved hjelp av pluss-symbolet øvst til høgre.
Jobb saman i par og teikn ei tilsvarande oversikt for det norske skulesystemet. Bruk både dei norske omgrepa og dei tilsvarande spanske orda.
Lat som om de skal forklare det norske skulesystemet til ein spansktalande elev. Bruk gjerne ord og uttrykk frå boksen "Glosehjelp".
Glosehjelp
Gloser til det norske skulesystemet
a los x años x år gammal, i ein alder av x år
empiezasdu byrjar
terminasdu avsluttar
puedes elegir du kan velje
primero, después først, etterpå
antes de (+ infinitiv eller substantiv) før
después de (+ infinitiv eller substantiv) etter
tienes que du må
hay queein må
a partir de frå og med
hastatil og med
de... a frå ... til
para obtenerfor å oppnå
(no) haydet finst (ikkje)
el bachiller / el "russ" russ
ser seleccionado para el examen å bli trekt ut til eksamen
el certificado de notas / el expediente académico vitnemål
el nivel requerido para iniciar estudios universitariosstudiekompetanse