Vurdere og drøfte ulike metodiske val - Sosiologi og sosialantropologi - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Vurdere og drøfte ulike metodiske val

I denne oppgåva skal du få presentert ulike forskingsspørsmål. Målet med oppgåva er at du skal få øve deg på å velje ein metode og argumentere for den valde metoden.

Her skal du øve deg på å drøfte og vurdere fordelar og ulemper med kvalitativ og kvantitativ metode i ulike tenkte problemstillingar. Samanlikn gjerne svara dine med ein medelev sine svar, eller diskuter casane/oppgåvene i små grupper. Noter stikkord undervegs, så kan klassen diskutere i plenum til slutt.

Case 1. Rusmiddelbruk i den vidaregåande skulen

Du skal undersøkje rusmiddelbruk mellom unge ved skulen din. Du har denne problemstillinga som utgangspunkt:

I kva grad er rusmiddel utbreidde mellom ungdom på vidaregåande?

Diskuter og drøft kva metode som ville ha vore best eigna til å få svar på problemstillinga di. Er det fleire enn éin metode som kunne ha vore aktuell? Korleis kunne du ha kombinert fleire metodar for å få eit godt grunnlag for forskingsspørsmålet ditt? Kva ulemper fører den valde metoden med seg? Kva for etiske utfordringar kan metoden du valde, ha?

Case 2. Motivasjon under heimeskule

Etter heimeskuleperiodane i 2020 og 2021 har du fått i oppdrag av skulen din å undersøkje korleis heimeskulen påverka elevane sin motivasjonen for skulearbeid. Du skal gjennomføre samfunnsvitskaplege undersøkingar, og du skal prøve å finne svar på dette forskingsspørsmålet:

Korleis påverka heimeskule elevane sin motivasjonen for skulearbeid?

Diskuter og drøft kva metode som ville ha vore best eigna til å få svar på problemstillinga di. Er det fleire enn éin metode som kunne ha vore aktuell? Kunne du ha kombinert fleire metodar for å få eit godt grunnlag for forskingsspørsmålet ditt? Kva ulemper fører den valde metoden med seg? Kva for etiske dilemma kan oppstå?

Case 3. Å vere elev i sosiologi og sosialantropologi i vidaregåande skule

Du skal undersøkje korleis det er å vere elev i sosiologi og sosialantropologi på ein annan skule i fylket. Formuler ei eiga problemstilling som du vil undersøkje nærare. Kva metode er best eigna for å finne likskapar og forskjellar mellom din eigen kvardag og klassen du skal undersøkje? Kva ulemper kan din valde metode føre med seg? Kva for etiske dilemma kan oppstå når du skal undersøkje ein annan klasse?

Case 4. Feltarbeid i Punjab-provinsen i Pakistan

Du er student på masterstudiet i sosialantropologi ved eit universitet i Noreg. Du har valt å fordjupe deg i rolla til kvinner i den pakistanske kulturen. Du har no fått avtalt at du kan dra på utveksling, og du kan dermed gjennomføre feltarbeidet ditt i Punjab-provinsen i Pakistan.

Kvifor er feltarbeid ein eigna metode å bruke i dette forskingsprosjektet? Korleis skil feltarbeidet seg frå andre kvalitative metodar? Kunne du ha valt andre metodar for å undersøkje rolla til kvinner i den pakistanske kulturen, i så fall kva metodar? Diskuter kva metode som er best eigna til å undersøkje denne problemstillinga / dette forskingsspørsmålet.

Når du kjem ned til Punjab, merkar du straks at feltarbeidet vil by på utfordringar. Området du kjem til, er styrt av ein klan, og klanleiaren (som er mann) ønskjer ikkje at ein utanforståande forskar skal snakke med kvinnene i landsbyen. Korleis kan du løyse dette? Korleis kan du på best mogleg måte få samla inn den informasjonen du treng til oppgåva di, men samtidig behalde ein god relasjon til klanleiaren?

Case 5. Eigenvalt tema og problemstilling

  1. Vel deg eit sosiologisk eller sosialantropologisk tema som du ønskjer å finne ut meir om.

  2. Formuler ei problemstilling som du ønskjer å undersøkje nærare.

  3. Gjer deretter greie for korleis du vil få svar på spørsmålet ditt (metode og datainnsamling).

  4. Forklar kvifor du har valt denne metoden, og sjå på fordelar og ulemper til denne metoden. Kva for nokre etiske utfordringar kan oppstå i forskingsarbeidet ditt? Korleis kan du sikre at undersøkinga di faktisk får svar på forskingsspørsmålet ditt (validitet)? Vil undersøkinga di vere truverdig og utført på ein slik måte at resultata er til å stole på (reliabilitet)?

  5. Har andre forska på det same temaet tidlegare? Korleis undersøkte dei i så fall temaet?

Skrive av Ida Baalsrud.
Sist fagleg oppdatert 10.06.2021