Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Interkulturell kompetanse

Oppgåve
Video

Interkulturell kompetanse

Kva er interkulturell kompetanse? Sosialantropologen Håkon Fyhn forklarer omgrepet. Vi møter Yama Meskayar som flykta frå Afghanistan via fleire land før han kom til Noreg. I tillegg møter vi ungdommar frå ein vidaregåande skule som snakkar om kva dei legg i omgrepet.

Film: Interkulturell kompetanse

Sjå filmen (lengde: 10:43) og svar på oppgåvene under.

Video: Terranova / CC BY-NC-ND 4.0

1. Oppgåver til filmen

  1. Kva er interkulturell kompetanse? Gi døme.

  2. Yama Meskayar kom til Noreg frå Afghanistan som barn. Kva tenker du det kunne vore nyttig for lærarane og medelevane hans å vite om bakgrunnen og kulturen hans?

  3. Korleis bidrog fotball til at Yama blei inkludert i det norske samfunnet?

  4. Sosialantropolog Håkon Fyhn seier at vi må skilje mellom det å forstå og det å akseptere. Kva meiner han med det?

  5. Fyhn seier at folk ofte bedømmer fenomen frå framande kulturar før dei har forstått dei. Prøv å komme på eit døme på dette.

  6. Gi eit døme på eit fenomen i ein annan kultur som du kan forstå, men som du likevel ikkje kan akseptere.

2. Vidare refleksjon

  1. Kvifor er interkulturell kompetanse viktig? Oppgi tre grunnar.

  2. Kva er det med fotball og andre idrettar som gjer at dei kan verke inkluderande?

  3. Er det andre ting enn idrett som kan ha ein slik inkluderande funksjon på tvers av kulturar?

  4. Korleis kan slike inkluderande aktivitetar føre til større interkulturell kompetanse?

  5. Ein av elevane i filmen fortel om at han opplevde kulturelle forskjellar då han flytta frå ein større plass til eit lite lokalsamfunn. Finn andre konkrete døme på at vi òg treng interkulturell kompetanse for å forstå ulike kulturar internt i Noreg.

  6. Korleis kan vi på best mogleg måte lære om andre kulturar og få interkulturell kompetanse, tenker du?

Skrive av Eivind Sehested Zakariassen.
Sist oppdatert 13.06.2025