George Herbert Mead om leik, spel og den generaliserte andre

Tre fasar
Ifølge Mead blir vi sosialiserte gjennom tre fasar. Samtidig utviklar vi forståinga vår av oss sjølve, identiteten vår og av forholdet vårt til dei som er rundt oss og påverkar oss.
Første fase: imitasjon
Den første fasen er når barnet (babyen) imiterer åtferda til dei rundt seg. Til dømes når foreldra smiler til barnet, så smiler barnet tilbake. I denne første fasen er det dei næraste familiemedlemmene som er viktige, gjennom symbol som språk, kroppsspråk og åtferd. Barnet begynner å forstå symbola og "hermer" etter dei som er nærast seg. Når til dømes far eller mor lagar middag, hermer barnet ved å skramle med kasserollar og kjøkkenreiskapar.
Andre fase: leik
Den andre fasen er der barnet gjennom leik utøver rolletaking, som til dømes å leike politi, mor og far og liknande. Barnet begynner å sjå seg sjølv frå perspektiva til andre. I denne fasen leiker barn meir med andre barn og deltek i større grad i aktivitetar på fleire arenaer. Gjennom fri leik blir barnet klar over at det speler ei rolle i det sosiale samspelet med andre.
Tredje fase: spel
I den tredje fasen går leiken over i spel med førehandsdefinerte roller og normer. Det kan til dømes vere i brettspel eller i organisert idrett. Barnet begynner då å forstå spelereglane i samfunnet og i dei sosiale gruppene det er ein del av, og blir klar over kva forventningar det er til dei ulike rollene. Kvar enkelt rolle blir utøvd med medvitet om at andre har forventningar til rolla.
Døme: Er du kaptein på fotballaget, har dei andre spelarane forventningar til rolla du har som kaptein. Ein føresetnad for at laget skal fungere saman, er at alle kjenner kva det inneber å vere kaptein og normene knytte til det. Det handlar ikkje berre om dei formelle normene, som reglane for fotball, men òg om dei uformelle normene og forventningane til korleis ein kaptein skal oppføre seg på banen.
Den generaliserte andre
"Den generaliserte andre" er alle rundt oss som påverkar oss og har innverknad på oss, og som er med på å forme identiteten vår. Det betyr at dei kulturelle uttrykka for den kulturen vi er ein del av, òg er med på å forme oss som individ. Dei tre fasane viser at vi blir sosiale vesen gjennom samspel med andre, og dette er ein livslang prosess.
Meads teori og omgrepsapparat hjelper oss å forstå og forklare at sjølvet har eit "sosialt opphav". Tenk deg når du begynner på vidaregåande og møter nye klassekameratar og nye lærarar. Alle som deltek i klasserommet, har ei oppfatning av kva som er forventa av dei ulike rollene, og vil tilpasse seg dette. Vi er merksame på tilbakemeldingar vi får gjennom språk, ansiktsuttrykk og gestar, altså gjennom alt det som skjer i klasserommet.
Speglingsteori og symbolsk interaksjonisme
Meads teori blir òg kalla speglingsteori. Vi speglar oss i tilbakemeldingane vi får frå andre, og tilpassar oss etter det. På denne måten blir sjølvbiletet vårt utvikla – korleis vi ser på oss sjølve, og korleis andre ser på oss. Tenk på korleis andre menneskes reaksjonar påverkar deg, både det vi oppfattar som negative reaksjonar, og positive reaksjonar.
Meads teori har innverknad på sosiologi gjennom vidareutviklinga av retninga symbolsk interaksjonisme. Symbolsk interaksjonisme har eit mikrososiologisk perspektiv – vi prøver å forstå og forklare verkelegheita gjennom å sjå på enkeltmenneskes interaksjon (samhandling).