Oppgåve
Statar som bryt menneskerettane
Det er mange statar verda over som bryt menneskerettane. Nokon bryt menneskerettane systematisk, medan andre statar har element som blir rekna som menneskerettsbrot, til dømes bruk av glattcelle eller rettane til minoritetar.

Demonstrasjonar i etterkant av politidrap på ein svart mann våren 2020 med slagordet "Black Lives Matter". Menneskerettane seier blant anna at ein ikkje skal gjere forskjell på grunn av rase og farge, og at alle er like for lova.
Oppgåve
I denne oppgåva skal du utforske korleis statar bryt menneskerettane. Du skal velje deg eit land som du ønskjer å fokusere på.
Kanskje veit du med ein gong kva for land du ønskjer å finne ut meir om, men viss det er vanskeleg, kan du gjerne ta ein titt på Amnesty International sine landssider. Sidene er på engelsk, men kan bidra til å få litt informasjon før ein søkjer vidare. Du kan i tillegg sjekke landssidene til FN-sambandet, men det er mogleg du må gjere nokon eigne søk òg.
Punkt som bør vere med:
- Styresett
- Befolkninga sine rettar
- Kva menneskerettar blir brotne?
- Er det motstand mot styresmaktene?
Avslutningsvis skal du kunne gi ein 5 minutts munnleg presentasjon av fakta om menneskerettsbrot i landet du valde.