Økologisk fotavtrykk

Økologisk fotavtrykk – kor stor del bruker du?
Økologisk fotavtrykk er eit uttrykk for kor mykje vi belastar jorda sine økosystem for å oppretthalde levestandarden vår. Dette blir uttrykt som areal. Gjennom forbruket vårt legg vi beslag på areal i mange land.
Det økologiske fotavtrykket ditt fortel kor stort produktivt areal av land og sjø som trengst for å
- produsere det du forbruker av mat, tekstilfibrar, trevirke og mange andre produkt
- absorbere avfall og utslepp frå forbruket ditt
Det økologiske fotavtrykket ditt er summen av mange små areal som er spreidde over heile verda. Dette er areal som går med til å dyrke den maten du bruker.
Produksjon av kjøt krev større areal enn produksjon av korn, og mykje av den maten vi et, er dyrka i utlandet.
Earth Overshoot Day – dagen vi overskrid budsjettet for jorda
Organisasjonen Global Footprint Network bereknar kvart år "Earth Overshoot Day". Dette er den dagen i året då landa i verda har brukt opp alle ressursane som jorda klarer å attskape det året. Resten av året er det overforbruk av naturressursar: vatn, fisk, skog og mineral. I 2024 kom denne datoen 1. august, i 2026 30. juli, mens han i ei berekraftig verd skulle ha vore 31. desember. I 1971 var "World Overshoot Day" 21. desember. Alle år sidan har dagen komme tidlegare og tidlegare.

Finn ut!
På kva dato når vi "World Overshoot Day" om alle i verda har det same forbruket som deg?
Ta testen på What is your Ecological Footprint?