Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Video

Seksualitet og samtykke

Samtykke kan vere med på å hindre seksuelle overgrep. Reflekter over kvifor samtykke er viktig og diskuter korleis du kan kommunisere at du ikkje samtykkjer til ei seksuell handling.

Samtykke

Sjå filmen (lengde 7:37) og svar på spørsmåla under.

  1. Kvifor er det viktig å snakke saman når de har sex eller gjer seksuelle handlingar?

  2. Korleis kan du kommunisere at du samtykkjer til ei seksuell handling? Gi gjerne konkrete døme.

  3. Korleis kan du kommunisere at du ikkje samtykkjer til ei seksuell handling? Gi gjerne konkrete døme.

  4. Kva kan gjere kommunikasjon vanskeleg i seksuelle situasjonar?

  5. Kvifor er det så viktig å kunne ombestemme seg når ein har sex?

  6. Diskuter kvar grensa går mellom det å ta initiativ til sex og det å gjere seg skyldig i seksuelle overgrep.

Ekstraoppgåve: Test deg sjølv

Kvar går grensa mellom fyllesex og valdtekt? NRK har samla fire døme på typiske festsituasjonar. Les døma, test deg sjølv, les korleis politiet bedømmer situasjonen og finn ut kva resultatet blei i retten.

NRK: Uskyldig moro eller sexovergrep?

Skrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist oppdatert 19.06.2026