Hopp til innhald
Bokmål
Oppgave

Dei digitale grensene dine

Kva er dei digitale grensene dine? Utforsk og reflekter over dei digitale grensene dine saman med resten av klassen.

Oppgåve 1. Dei digitale grensene dine

Jobb saman to og to:

  1. Øv dykk på å gå tettare og tettare inn på kvarandre. Når begynner det å opplevast ubehageleg?

  2. Kvifor trur de vi har eit behov for ei eiga fysisk sone rundt oss – eit område med nokre usynlege grenser vi ikkje vil at andre skal tråkke over?

  3. Tenk dykk at foreldra til bestevennen dykkar bad om passordet til telefonen og datamaskina de har. Kva meiner de det er greitt at dei går inn på, og kva er det ikkje greitt at dei får tilgang til? Grunngi svaret.

  4. Diskuter i kva grad vi har behov for å ha eit eige område på mobilen og datamaskina der vi har kontroll og ikkje blir overvakte av andre.

  5. Kva er dei digitale grensene dykkar? Kva synest de det er greitt å gjere på nett, og kva er ikkje greitt?

  6. Er det nokon forskjellar på grensene dykkar på nett og andre stader? Gi konkrete døme.

Oppgåve 2. Digital overvaking

Kor mykje er det greitt at andre veit om deg? Les forteljinga og svar på spørsmåla under i par eller grupper.

Forteljing: Eit restaurantbesøk

Thomas, Marianne, Aisha, Jon og Amir skal feire at dei er ferdige med vidaregåande og har bestilt bord på ein populær restaurant. Dei har høyrt veldig mykje positivt om maten og stemninga på staden og gler seg til å besøke restauranten.

Når dei kjem til restauranten, blir dei møtte av ein smilande kelner som ber dei skrive under på ein kontrakt. I kontrakten står det at kelneren har rett til å notere ned alt dei bestiller og alt dei gjer inne i restauranten, og at restauranten kan gjere kva han vil med opplysningane. Thomas reagerer på dette og nektar og skrive under. Då blir han høfleg beden om å forlate restauranten og finne seg ein annan stad å ete.

Når dei andre har skrive under og sett seg ned, kjem kelneren med menyane. Ho gir ulike menyar til kvar av dei, med heilt ulike rettar. På menyen finn dei fleire av favorittrettane sine, men i dag har Marianne lyst på noko anna. Marianne spør om å få sjå dei andre menyane, men det seier kelneren at ho dessverre ikkje kan. Marianne spør vidare om kvifor ho har fått akkurat denne menyen, men kelneren ristar berre smilande på hovudet og seier at det kan ho dessverre ikkje avsløre.

Aisha finn ikkje noko ho vil ha på menyen og bestiller i staden svinekotelettar, som Marianne har på menyen sin. Kelneren stussar og spør om Aisha er sikker. Ho er jo muslim, og muslimar skal ikkje ete svin. Aisha spør kelneren korleis ho veit det, men igjen berre rister kelneren smilande på hovudet, og seier at det kan ho dessverre ikkje fortelje.

Under måltidet registrerer kelneren kven av ungdommnene som snakkar med kvarandre, kven som snakkar mest, kven som får dei andre til å le, og kor mange gonger dei smiler, nikkar og lener seg fram mot kvarandre. Når dei på slutten av måltidet startar å planlegge neste treff, bryt kelneren inn og foreslår kven av dei som sit rundt bordet som burde få lov å vere med. Det kan til dømes vere lurt at Amir ikkje blir med, sidan han deltok så lite i samtalen og aldri fekk dei andre til å le.

Etter måltidet spør Jon om vegen til toalettet. Når han kjem tilbake, gir kelneren han ein brosjyre for tablettar mot uroleg mage og lurer på om han ikkje vil bestille dei med ein gong. På veg ut av restauranten ringer Jons telefon. Det er kelneren som spør endå ein gong om Jon er heilt sikker på at han ikkje vil bestille noko mot uroleg mage.

Dei går saman til ein bar der dei treffer Thomas. Han spør om dei hadde eit bra måltid, men Aisha, Amir, Jon og Marianne berre ser på kvarandre, litt usikre på kva dei skal svare.

  1. Korleis ville de reagert viss det same hadde skjedd dykk på ein restaurant?

  2. Samanlikn det som skjedde på restauranten med det som skjer når vi er på nett. I kor stor grad trur de selskap og styresmakter kontrollerer og overvaker oss på denne måten på nett?

  3. Reagerer vi meir på at nokon overvaker og kontrollerer dei fysiske bevegelsane våre enn bevegelsane våre på nett? Kvifor? Kvifor ikkje?

  4. Kva for nokon negative konsekvensar kan overvaking og manipulasjon på nett ha?

  5. Korleis kan du verne deg mot overvaking og manipulasjon på nett?

  6. Kva kan samfunnet gjere for å verne enkelmenneske frå overvaking og manipulasjon på nett?

Fordjuping: Lag eit rollespel om digitale grenser

I denne øvinga skal du gjennomføre eit rollespel der de skal illustrere korleis styresmakter og store selskap kan kontrollere og registrere det du gjer på nett.

Framgangsmåte

  1. Del klassen inn i grupper.

  2. Førebuande undersøkingar: Gruppa utforskar korleis styresmakter og selskap overvaker aktiviteten på nettet, og korleis selskap bruker ulike metodar for å manipulere og styre nettaktiviteten vår.

  3. Vel setting: Kvar gruppe vel ein situasjon eller setting for rollespelet. Det kan til dømes vere eit idrettslag, ein restaurant, ein fritidsklubb, ein butikk eller ein konsert.

  4. Skriv manus: Tenk dykk at personane i settingen de har valt, blir utsette for same overvaking, kontroll og manipulasjon som de kan risikere å bli utsette for på nett, og gjer det om til ei historie. Bruk gjerne forteljinga om restaurantbesøket som inspirasjon.

  5. Gruppa fordeler roller, øver inn skodespelet og framfører framfor klassen.

Skrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 05/06/2024